Torsdagsklubben i solnedgang

Torsdagsklubben på Blom Servicesenter på Rong har ein ekstra plass i hjarta til bil- og mc-entusiastar i Bergensområdet.

Arve Helland med kveldens to eldste bilar. Ein Ford 37- modell og ein Ford 39-modell.

Er du interessert i spreke bilar, sjeldne bilar eller veteranbilar, er Blom Servicesenter rette staden. Kvar torsdag i sommarhalvåret tek bil- og mc-entusiastar frå heile Bergensområdet turen ut til Rong for å visa fram, beundra og utveksla erfaringar om køyretøya sine.

I solnedgangen i kveld møttes eit 50-tals entusiastar til det som truleg vert siste treffet denne sesongen, ifølgje primus motor Arve Helland.

Spennet i deltakande bilar var stort. Eldste bilane denne gongen var ein Ford 37-modell og ein Ford 39-modell, begge fint restaurerte. Men alder var ikkje noko krav. Yngst var ein 2017 Corvette, ifølgje Helland.

Torsdagsklubben vart starta for nokre år sidan, og er no i fin vekst, med 70 nye medlemmar berre siste månaden, ifølgje Facebook-sida deira.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.