Håpar å unngå kamp om lokalisering

Er strilar flest likegyldige til sentraliseringssignala for den nye kommunen? Og kva med kvinnene?

Ingen kvinner var spurt om å delta i panelet. Fv. Runar Trellevik. Geir Knarvik Fjeldstad, Børge Haugetun og Per Jon Odeen.

Kva skjer når Skogsskiftet og Rong skiftar status frå kommunesenter til å verta utkant i den nye storkommunen Øygarden? Sentrum – periferi-debatten på biblioteket på Rong i går kveld gav ikkje noko eintydig svar.

I panelet sat Runar Trellevik, dagleg leiar i Tekslo Seafood AS med adresse Tofterøy, Geir Knarvik Fjeldstad, leiar for Skjærgard IL og avtroppande ordførar Børge Haugetun i Øygarden. Ordstyrar var tidlegare BT-journalist Per Jon Odeen.

Ingen kvinner
Det var kvinner som hadde snekra saman programmet. Likevel var ingen kvinner blitt spurt om å delta i panelet, iføljge biblioteksjef Kari Fauskanger i Øygarden folkeboksamling.

Har ikkje kvinnene noko vi skulle ha sagt i den nye kommunen?

Næringslivsleiar med visjonar
I gamleskulen på Tofterøy sit Trellvik med beina bokstaveleg tala i matfatet. Lokale ungdomar vil gjerna jobba for han, men han manglar eit fagmiljø som kan bistå, til dømes med kontraktskriving.
Tang og tare er lite nytta i vestleg matlaging. Å vera nøydd til å læra marknaden om algeprodukta sine mange fordelar kan og verta tungt, fryktar han.

Men næringslivsleiaren har visjonar. Etableringa av eit norsk tang og tare-senter, med restaurantar og retta mot turistar, kan vera vegen å gå, drøymer Trellevik.

Unngå lokaliseringskamp
Når Rong vert kommunedelsenter vil det mista noko av drivkrafta det i dag har som kommunesenter, medgav Haugetun.

Den avtroppande ordføraren håpar likevel at ein i den nye kommunen vil unngå øydeleggjande kampar om lokalisering av offentlege funksjonar.

-Vi må unngå geografiske kampar tilsvarande dei vi hadde då noverande Øygarden vart grunnlagt i 1964, og som førte til at rådhuset vart lagt til Tjeldstø, oppfordrar Haugetun.

Dyrka talent
Ungdomane likar å verta sett, og få dyrka talenta sine. Geir Knarvik Fjeldstad er like uroleg over at berre 37 prosent av ungdomane i noverande Øygarden er aktive innan idrett som at mange forsvinn sørover til aktivitetar dei ikkje får tilbod om på Rong.

I den nye kommunen kan idrettslaga samarbeida om å utvida tilbodet om aktivitetar, som klatring og basketball, ja til og med til hesteskokasting. Då vert det viktig å ha fine idrettsanlegg, tenkjer Knarvik Fjeldstad.

Val av tidspunkt
I valkampen var dei politiske partia opptekne av slagord som å «ta heile kommunen i bruk», og «levande bygder». Kritiske røyster vil innvenda at denne debatten hadde vekt større engasjement hadde han kome før valet.

Valet av tidspunkt var medvite, fortel biblioteksjef Trude Bendiksen.
-Vi ønska å unngå hissige politiske diskusjonar, og heller prøva å få til ein meir løysingsorientert debatt, seier Bendiksen.

Eit 20-tals tilhøyrarar var likevel færre enn dei hadde håpa på, medgjev biblioteksjefen.

Til dagsorden
Sjølv om dei var få, var det til gjengjeld ein uvanleg stor andel av dei frammøtte som hadde førebudd lengre innlegg om saker dei vonar vil verta sett på dagsorden i den nye kommunen.

Eit godt kollektivtilbod, med hyppig frekvens og god korrespondanse også ut i bygdene, er viktig, både for oppretthalding av busetnaden og for deltaking i idrettsaktivitetar og andre sosiale tilstellingar andre stadar i kommunen, var det brei semje om.

Den nye kommuneleiinga bør ta turen til Oslo og krevja at inntektene frå næringsskatten bør tilbakeførast til kommunane, og ikkje omfordelast av Staten. Slik vil lokalsamfunnet verta meir oppteken av å skapa nye arbeidsplassar, hevda Kjell Alvheim.

Kreativt klimarekneskap
-Vi som bur i utkantane har turterreng og båt like utanfor stovedøra. Bur du i by, må du køyra diesel-SUV lange vegar for å driva med friluftsliv. Kva er mest miljøvenleg? spurte Egil Sæle.

-Det må verta slutt på den kreative rekneskapsføringa som framstiller det som miljøvenleg å bu i by og som framstiller oss som bur i distrikta som miljøsvin, argumenterte Sæle. Han frykta fylkesmannen si sentraliserande kraft over busetnaden i den nye kommunen.

Bygdeutval
Innflyttarane vil ha mykje å bidra med for å skapa levande bygder. Vi må ikkje vera så redde for at den lokale identiteten skal forsvinna, tenkjer Eva Aarskog.

SV-representanten i det nye kommunestyret nytta høvet til å ta opp att behovet for å etablera ei ordning med bygdeutval som kan jobba med lokalpolitiske saker i den nye kommunen.

Til forsvar for Straume
Biblioteksjef Trude Bendiksen både bur og arbeider på Straume. Ho tykkjer det er leit å høyra at heimstaden hennar vert framstilt som staden der alt ille skjer. Slik er det då verkeleg ikkje.

-Vi må snakka fint om kvarandre, oppfordra Bendiksen.

Samferdsle neste
Debattmøtet var det første i ein serie på tre, initiert av Fellesnemnda si arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet, og arrangert av biblioteka i den nye kommunen. 17. oktober er det samferdsla som står på programmet, og det møtet vert på Straume.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.