Reduserer bompengane

Regjeringa aukar den statlege andelen av byvekstpakken for Bergensområdet med 150 millionar kroner, frå 50 til 66 prosent av totalsummen, i forslaget til Statsbudsjett for 2020.

(Saka er oppdatert.)

Statsbudsjettet – la fram dei lokale hovudpunkta: fv. Helge Andre Njåstad (FrP), Nikolai Astrup (H), Ove Trellevik (H) og Jarle Skeisvoll (KrF). Venstre hadde haustferie.

Bompengeopprøret i vår bar frukter. Regjeringa aukar den statlege andelen av byvekstavtalen for Bergensområdet frå 50 til 66 prosent i Statsbudsjettet for 2020. I kroner betyr det av totalsummen i avtalen aukar med 150 millionar kroner frå 980 millionar.

Det vart klart då digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H), Ove Trellevik (H), Helge Andre Njåstad (KrF) og Jarle Skeisvoll frå KrF presenterte hovudpunkta i Regjeringa sitt forslag til Statsbudsjett for 2020 i Bergen i dag føremiddag.

Bilistane kan gleda seg over at halvparten av pengane skal gå til å redusera bompengane.

Dei som heller ønskjer å reisa kollektivt skal og få fordelar. 75 millionar kroner skal gå til å redusera satsane på kollektive transportmiddel, ifølgje Astrup.

Ytre bomringen
Njåstad ser helst at kuttet i bompengane går til ei av FrP sine hjartesaker:
-Å få fjerna den ytre bomringen er viktig for FrP, understreka Helge Andre Njåstad.

Bompengedebatten framover må i større grad skje i Bystyret og i Fylketinget. Det er dei som må visa magamål når det gjeld å vedta nye bompengefinansierte vegprosjekt, legg Njåstad til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.