Utsleppa frå bilar og ferjer har blitt vesentleg redusert siste åra. No er det hurtigbåtane sin tur.

Hordaland og Møre og Romsdal har vore veldig ambisiøse når det gjeld å skifta ut gamle dieselferjer med moderne elektriske ferjer. Som eit resultat er det no 73 nullutsleppsferger som trafikkerer fjordane på Vestlandet.
Les: No står elektrifiseringa av snøggbåtane for tur
I framlegget til Statsbudsjett for 2020 ønskjer Regjeringa å ta klimasatsinga på sjøen vidare ved stimulera fylkeskommunane til også å skifta til snøggbåtar med nullutslepps- eller lågutslepps teknologi, sa digitaliseringsminister Nikolai Astrup då han i dag var med å på leggja fram Statsbudsjette for neste år i Bergen.
-Vent til Statsbudsjettet i oktober, sa statssekretær Atle Hamar (V) då han lanserte planen for grøn skipsfart i juni.
No er det klart at Regjeringa ønskjer å setja av 80 millionar kroner i Statsbudsjettet for neste år til elektrifisering av snøggbåtar.
Nullutsleppsteknologien vil redusera driftskostnadane vesentleg, sjølv om investeringskostnadane vert høgare.
-Med utsikt til redusert driftskostnadar gjennom 30 år, må fylkeskommunane vera villig til å ta høgare investeringar i forkant, hevda Astrup.
-Vestland har mulighetar til å stå i spissen for innføringa av null- eller lågutslepps hurtigbåtar. Ei slik satsing vil representera ei stor mogelegheit for næringslivet i framtida, la digitaliseringsministeren til.