-Heimetenesta bør administrerast frå Rong

Innhaldet i intensjonsavtalen må vi ta på alvor. Med eit slikt innhald ville ikkje kommunestyret i Øygarden ha vedteke kommunesamanslåinga.

Silvia Haugland og Børge Haugetun var tydelege på at kommunestyret i Øygarden ikkje hadde vedteke kommunesamanslåinga om intensjonsavtalen hadde lagt opp til å administrera heimetenestene frå Ågotnes.

Børge Haugetun, ordførar i Øygarden enn så lenge, var svært så tydeleg under dagens møte i Fellesnemnda:

-Administrasjonen av heimetenestene for sone nord bør skje frå Rong, ikkje frå Ågotnes.

Underliggjande dokument
Det framgjekk ikkje av innstillinga, men den som les dei underliggjande dokumenta vil oppdaga at arbeidsgruppene i partssamansett utval ville leggja administrasjonen av heimetenestene i sone nord til Ågotnes.

Haugetun viste til intesjonsavtalen som legg opp til at Rong og Skogsskiftet skal vera kommunedelsentre, og at nærtenesteprinsippet skal gjelda for lokaliseringa av dei brukarnære tenestene.

Der brukarane bur
-Intensjonsavtalen er ikkje noko vi kan ta lett på. Hadde dette kome fram då Øygarden kommunestyre behandla intensjonsavtalen, hadde det ikkje blitt noko av kommunesamanslåinga, hevda Haugetun.

Han fekk støtte frå Silvia Haugland (H). Heimetenesta i Øygarden har i dag åtte køyrelister. Sju av dei går til brukarar budsette i området nord for Rong. Om alarmen går hos ein innbyggjar på Hellesøy, tek det vesentleg lenger tid å køyra frå Ågotnes enn frå Rong.

Rekruttering
Behovet for effektivisering, og omsynet til rekruttering, er to av prosjektrådmannen sine argument for framlegget til lokalisering av administrasjonen av dei brukarretta tenestene i den nye kommunen.

Rekruttering til heimetenestene vil ikkje vera noko problem, avviste Haugetun. Heimetenenestene i noverande Øygarden har ventelister over personell, hevda han.

I eigde lokale
Intensjonsavtalen slår dessutan fast at kommunen sine eigne lokale i størst mogeleg grad skal nyttast. Det bør takast omsyn til at Sund og Øygarden i dag har store eigedomsmassar i Skogsskiftet og Rong som bør nyttast framfor å leiga meir lokale på Straume, argumenterte Haugetun.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.