Her lyser dei ut 100 ledige jobbar

Nye Vestland fylkeskommune lyser ut nærare 100 ledige jobbar innan samferdsel.

Etterslepet av vedlikehaldet på bruene på fylkesvegnettet i nye Vestland er stort. Prioritering, planlegging og gjennomføring av naudsynte tiltak vil vera ei oppgåve for den nye avdelinga for infrastruktur og veg.

Frå nyttår av vert ansvaret for administrasjonen av fylkesvegane overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunane. Nye Vestland fylke overtek dermed ansvaret for 5.600 kilometer fylkesveg, ifølgje ei pressemedling frå Hordaland fylkeskommune.

Ein infrastruktur som skal planleggjast, byggjast, driftast og vedlikehaldast.

Til det trengs 300 årsverk, har fylkeskommunen rekna ut. Vel 200 stillingar er overført frå Statens vegvesen og frå fylkeskommunane.

Dei øvrige, totalt nærar 100 stillingar, vert lyste ut i desse dagar.

Stillingane vil favna eit breidt spenn av fagområde, som juristar, HR-rådgjevarar, byggeleiarar og vegplanleggarar.

Dei som vert tilsett kan rekna med å få heile Vestland som arbeidsfelt. Fysisk skal stillingane lokaliserast til Bergen, Stord, Odda, Voss, Førde eller Leikanger der den nye avdelinga for infrastruktur vil få hovudkontor.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.