Bransjeorganisasjon åtvarar mot Sotrasambandet

Risikoen for entrepenøren som får oppdraget med å byggja det nye Sotrasambandet er så stor at norske entrepenørar i praksis vert ekskludert frå tilbodsprosessen, åtvarar Byggenæringens Landsforening.

Illustrasjon: Statens vegvesen.

Nettavisa Tunnelsyn.no har lenge peika på dei økonomiske risikoaspekta forbunde med den rekordstore kontrakten på bygginga av nytt Sotrasamband.

Les: Sotrasambandet kan setja verdsrekord

Les: Sotrasambandet, luftslott og globale megatrendar

I dag går administrerande direktør Jon Sandnes i Byggenæringens Landsforening ut i BA og åtvarar mot risikoen i prosjektet.

-Vi er kritiske til dimensjonane i dette prosjektet, seier Sandnes til BA.

Byggenæringa ser varsellampane lysa. Sotrasambandet vert meir enn dobbelt så kostbart som den grensa norske entrepenørar vanlegvis opererer med i store utbyggingsprosjekt.

Sjølve bygginga er kalkulert til vel 10 milliardar kroner. I tillegg kjem kostnadane med drift og vedlikehald gjennom den 20 år lange driftsperioden. Totalt er det snakk om kostnadar i storleik kring 17 milliardar kroner.

Entrepenøren som får oppdraget må finansiera byggjekostnaden i forkant. Midlane som er avsett i Nasjonal Transportplan vil først verta betalte i ettertid, ifølgje BA.

Om ein utanlands entrepenør får oppdraget vil det innebera små eller ingen synergiar for den norske byggebransjen, fryktar Sandnes.

Les: Må sikra trafikkavviklinga i anleggsperioden

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.