Erna Solberg vitja Brattholmen barneskule: -Eg var eit masebrett

Stor stas då statsminister Erna Solberg vitja Brattholmen barneskule.

Undervisningsopplegget «Elev i nye Øygarden» oppmuntrar mellom anna elevane til å skriva brev til venskapsklassen ved Stranda skule i Sund, og til å fortelja om kva dei ventar seg av den nye kommunen.

Det var bli-kjent-med-kvarandre-og-bygg-den-nye-kommunen-prosjektet «Elev i nye Øygarden» som var bakgrunnen for at statsministeren stakk innom Brattholmen skule i dag, ifølgje ei melding frå Fjell kommune.

Tiltaket er eit samarbeid mellom prosjektorganisasjonen Nye Øygarden kommune og skulesjefane/kommunalsjefane for skule/oppvekst i dei tre kommunane.

Konkurransar og venskap
Elevane i klasse 3b kappast med lærarane om å fortelja om konkurransane dei no deltek i og venskapsklassane dei har fått ved skular i dei andre kommunane. Dei ville gjerne fortelja statsministeren om favorittstadane sine i den nye kommunen.

Les: Skal gjetta på folketal

I sjette klasse hadde dei spela inn video med trafikksikring som tema. Slik fekk statsministeren med seg at ho snarast bør gjera noko med trafikktryggleiken langs Arefjordvegen.  Kjem det fortau og lys langs skulevegen, vil elevane kunna gå eller sykla, og  foreldra slepp å køyra, fortel elevane i videoen.

Erna Solberg kvitterte med å seia at det var kjekt å sjå at det vert jobba med kommunesamanslåinga på denne måten.

Stor stas å verta fotografert saman med statsminister Erna Solberg, ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og varaordførar Tom Georg Indrevik. Foto: Vigleik Brekke/Fjell kommune.

 

Likte ikkje gym
Elevane nytta høvet til å be Erna fortelja om då ho sjølv gjekk på skulen.

Den unge Erna likte historie. Ho dreiv og med konkurransesymjing, men likte ikkje gym, fortalte ho.

– Eg hadde leseproblem, og av og til krølla bokstavane seg litt mykje. Og så maste eg mykje i timane. Difor fekk eg eit eige skilt med teksten: – Eg er eit masebrett, fortalde Solberg dei unge elevane, ifølgje heimesida til Fjell kommune.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.