Fundraising i fjøresteinane

Mathare-komiteen i Fjell tok sjøvegen i bruk for å samla inn pengar til Shadrack Juma (33) sitt bibliotekprosjekt i slummen i Nairobi.

Shadarack Juma tenkjer utradisjonelt om sine mange empowerment-prosjekt i slummen i Nairobi.

Utdanning er nøkkelen til framgang og velstand i Kenya som i Norge. Shadrack Juma er sosial entrepenør i slummen i hovudstaden Nairobi. Med støtte frå Mathare-komiteen i Fjell har han etablert eit bibliotek der fattige ungar som ønskjer å fullføra grunnskulen kan få låna gratis bøker og lesa lekser i fred og ro.

Les: Changemaker frå Nairobi

Etter at den kenyanske grunnskulen endra læreplanane, må biblioteket skifta ut boksamlinga. Denne veka er Shadrack i Fjell for å oppdatera dei lokale sponsorane om status på bibliotekprosjektet og appellera om framleis økonomisk støtte.

I fjøresteinane

20 padlarar klar for ein uvanleg fundraisings-tur.

Når pengane går til eit bra prosjekt, er det lov å tenkja utradisjonelt. Ei av dei som støttar bibliotekprosjektet er kajakkentusiasten Laila Reigstad i Reigstad Unlimited. I går kveld inviterte ho padlevenar til å møta Shadrack på ei fundraising på padletur frå Misje, under Svelgenbrua og vestover forbi Turøy.

I lyset frå bålet på ein holme i skjærgarden fortalde den sosiale entrepenøren om livet i slummen i Nairobi, der oppunder 700.000 ungar veks opp i fattigdom. 90 prosent av ungane får ein eller annan form for skulegang. Kven som fullfører kjem an på foreldra si evne til å betala skulepengar, bøker og uniform.

Føremiddagen etter hadde padlevenene bidrege med 7.600 kroner, ifølgje Laila Reigstad.

Sponsor og rådgjevar

Eli Bergsvik har vore sponsor og rådgjevar for Shadrack Juma sidan dei først møttes i 2004. I går fekk ho sin aller første tur i kajakk.

Med biblioteket har Shadrack Juma truffe eit sårt etterlengta behov i Baba Dogo-slummen. Biblioteket har no 2.500 registrerte brukarar. Ungane konkurrerer om plassane på lesesalen. I feriane sit dei i skuggen utanfor og les. Helst burde dei hatt eit langt større lokale, fortel Shadrack.

– Vi treng 70.000 årleg for å drifta biblioteket, konstaterer Eli Bergsvik i Mathare-komiteen.

Bergsvik har vore ein av eldsjelane i den lokale Mathare-komiteen sidan starten. Ho var vertskap for Shadrack første gong han kom til Fjell som ung fotballspelar under Norway Cup i 2004. Ho merka seg den unge guten, og har seinare vore både sponsor og rådgjevar for dei mange empowerment-prosjekta hans.

Opplæringssenter
Biblioteket i Baba Dogo er senter for ei rekkje ulike empowerment-prosjekt. Kasserte datamaskiner frå det norske Konkurransetilsynet og frå Fjell kommune kjem til nytte som kursmaskiner til ungdomar som ønskjer å læra seg grafisk design og webutvikling.

Dei har og etablert eit lydstudio der lokale musikalske talent får utvikla seg og spela inn låtane sine. Noko av pengane som vart samla inn i samband med padleturen skal nyttast til å profesjonalisera utstyret i lydstudioet, ifølgje Shadrack Juma.

Farleg å driva med politikk

Laila Reigstad i Reigstad Unlimited var arrangør av den noko uvanlege fundraisinga. Dagen etter var det kome inn 7.600 kroner på Vipps-kontoen.

Shadrack Juma var tidlegare folkevald opposisjonspolitikar i bydelsstyret i Baba Dogo. Han fekk erfara at politikk i Kenya kan vera livsfarleg. Langt frå alle likte at den unge politikaren lanserte gratis opplæringstilbod som kunna bidra til å løfta veljarane opp frå fattigdomen. Han valde difor å takka nei til attval.

Etter oppfordring frå veljarane tel han no likevel på knappane om han skal stilla til val til nasjonalforsamlinga i 2022.

Les: Miljøinspirator frå Kenya

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.