Full utteljing for Venstre

Som del av fleirtalskoalisjonen i  fylkestinget i nye Vestland har Venstre fått full utteljing for sine to representantar.

Gunnhild Berge Stang og Alfred Bjørlo skal representera Venstre i fylkestinget i nye Vestland.

Fleirtalskoalisasjonen i fylkestinget i nye Vestland er sett saman av Senterpartiet, Arbeiderpartiet, KrF, Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet.

Venstre vert representert med to personar med bustad i noverande Sogn og Fjordane.

Gunhild Berge Stang frå Fjaler blir gruppeleiar for Venstre, fast medlem i Fylkesutvalet, Planutvalet og Finansutvalet og medlem i Hovudutval for Næring og Innovasjon.

Les: Venstretopp vitja lokalmatprodusent

Alfred Bjørlo frå Eid/Stad blir nestleiar i Hovudutval for Kultur, Idrett og Integrering i Vestland, og fyrste vara til Fylkesutvalet.

I tillegg blir Ingrid Handeland frå Kvinnherad fast medlem for Venstre i Kontrollutvalet.

Partia er mellom anna samde om å prioritere ungdom og skule, om ein tydeleg distriktsprofil i det nye fylket og å omstille Vestland til eit klimanøytralt samfunn innan 2030, skriv Vestland Venstre i ei pressemelding.

Jon Askeland (Sp) vert første fylkesordførar i nye Vestland. Natalia Golis (MDG) vert varaordførar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.