Vil minnast dei døde

Minnestøttene i Sund skal stå og skina ved markeringa av 75- årsmarkeringa av avslutninga av 2. verdskrigen.

Tæra av tidas tann. Minnestøtta over Telavågmennene som mista livet i tysk fangenskap. Arkivbilete.

-Sund har mista mange. Det er naturleg at manglande vedlikehald av minnestøttene set kjenslene i sving, sa ordførar Kari Anne Landro då kommunestyret i Sund i dag fekk på bordet ei orienteringssak om det manglande vedlikehaldet av minnestøttene over kommunen sine falne.

Minnestøtta over Televågmennene som døydde i tysk fangenskap er den mest kjende, men ikkje den einaste i Sund.

Les: Attreisinga av Televåg – ei nasjonal oppgåve

Kommunen har minnestøtter over falne ved Stranda skule, og ved kyrkjene i Klokkarvik og på Kausland.

Ved Sund kyrkje i Klokkarvik er det og ein minnestein over dei som omkom då eit Catalina-fly kolliderte med Veten i 1948.

Les: Helgeturen: Veten

Å få vaska støttene, og få hogga og lakka teksten på nytt vil koma på 450.000 kroner, ifølgje eit tilbod frå eit eksternt firma.

Etter først å ha drøfta saka i formannskapet, vart kommunepolitikarane samde om å løyva dei 450.000 kronene til rehabilitering av minnestøttene frå disposisjonsfondet. Vilkåret er at arbeidet må vera utført i god tid før minnemarkeringane våren 2020.

Samstundes vert driftsavdelinga oppfordra til å undersøkja om det finst støtteordningar for opprusting av denne typen minnestøtter.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.