-Husk å sjekka kommuneplanen

-Husk å sjekka innhaldet i arealdelen til ny kommuneplan, oppfordrar leiar Svein Otto Jacobsen (FrP) i Sund.

Forslaget til ny arealdel til kommuneplanen i Sund har tildels store endringar einskilde stadar. Inndeling av kommunen i ni store plankart gjer det einkelt å få oversikt, seier planutvalsleiar Svein Otto Jacobsen (FrP).

Kommunestyret i Sund vil svært gjerne ha vedteke den nye arealdelen til kommuneplanen medan kommunen framleis finst.

Noko forseinka på grunn av ein datafeil var det først nyleg at framlegget til ny plan vart lagt ut på 2. gongs høyring.

Les: Sund klar for ny utlegging av kommuneplanen

-Har du merknadar, kom med dei snarast råd, slik at vi får byrja å behandla dei. Oppdagar du ting først om eit halvt år er det for seint, oppfordrar Jacobsen.

Du finn alle dokumenta på heimesida til Sund kommune. Inndeling i ni plankart gjer det einkelt å få oversikt.

Aller siste dato for å koma med merknadar er sett til 13. november.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.