-Vestland må verta større enn Oslo

Ambisjonane for nye Vestland fylke er store.

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, flankert av Gine Hestetun, siste fylkesordførar i Hordaland og Jenny Følling med tilsvarande rolle i Sogn og Fjordane. Foto: Hordaland fylkeskommune.

– Eg skal gjere mitt beste for oss alle i denne første perioden i Vestland fylke, sa nyvald fylkesordførar Jon Askeland (Sp) på det første fylkestinget i Vestland. Han vart vald med 46 røyster. Silja Ekeland Bjørkly (H) fekk 19 røyster.

Askeland vart vald med røystene til A, Sp, MDG, KrF, SV, V, R og FNB. Motkandidat Silja Ekeland Bjørkly fekk røystene til H, Frp og PP.

Store ambisjonar
Med 630.000 innbyggjarar vert Vestland det tredje største fylket i landet.

Ambisjonane for det nye fylket er store:
– Vestland vert på storleik med Oslo. Ambisjonen må vera å bli større enn Oslo, sa nærings- og moderniseringsminister Monica Mæland i helsingstalen til det nye Vestland fylkesting i Håkonshallen 15. oktober.

-Fylka skal få meir ansvar for utviklinga i eigen region. Vi vil gjere samfunnsutviklarrolla sterkare, lova kommunal- og moderniseringsministeren.

Askeland har oppskrifta klar på korleis lukkast med samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane:

-Samhald, handlekraft og patriotisme. Vestland er det mest spennande av alle fylka. For med vår eigenart har vi unikt høve til å få nye oppgåver, desentralisere makt, vere motmakt og skape nytt. Vestland må lukkast for at regionreforma skal lukkast, sa den nyvalde fylkesordføraren i innleiingstalen sin under opninga av det første fylkestinget.

Første fylkestinget i Vestland har 65 representantar. Tre av dei er heimehøyrande i nye Øygarden. Foto: Hordaland fylkeskommune.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.