-Same kva vi i MDG seier, så er svaret meir veg

På 1970-talet gjekk det snøggbåt frå Rong til Bergen. Den gongen tok reisa frå Hellesøy til Bergen ein time. Etter at brua kom tek det dobbelt så lenge med buss.

-Øygardsfolket svikta båten då brua kom. Etterpå har vi blitt straffa med 40 års ørkenvandring over Sotra, oppsummerte Egil Sæle erfaringane frå køkøyringa over Sotrasambandet morgon og kveld.

Egil Sæle hadde teke turen frå Hellesøy til Straume for å få med seg dagens debatt om morgondagens samfersel i nye Øygarden. Fine ord frå panelet om behovet for å endra ordbruken frå «kollektiv» til «mobilitet» prella berre av i møte med dagens realitetar.

Øygardsstrilen var einaste som snakka varmt for snøggbåten som alternativ til buss og bil i det framtidige mobilitetsystemet for Øygarden.

Skulle Sæle ha teke bussen heimefrå for å rekka debattmøtet i regionsenteret Straume som starta klokka 19, måtte han ha reist klokka 16. Heimatt måtte han ha venta halvannen time etter møteslutt til neste buss.

Soloferdsel
-Eg likar å ta bussen, men har stor forståing for dei som skal noko og som ikkje får tida til å gå i hop, og som tek bilen i staden, oppsummerer øygardsstrilen frekvensen i kollektivtilbodet heilt nord i heimkommunen.

At samfersel i stor grad har blitt soloferdsel, og at 80 prosent av trafikken over Sotrabrua skjer med ein person i bilen bør få oss til å tenkja, seier Sæle.

Ekstreme tankar
-Same kva vi i MDG seier, så er svaret meir veg, sukka Maria Thomassen. Ho er skeptisk til at nye Sotrasambandet og ny firefelts motorveg frå Kolltveit til Ågotnes er løysinga på alle dagens utfordringar.

-Det er kjekt du utfordrar oss med ekstreme tankar, sa Tom Georg Indrevik (H) om Maria Thomassen (MDG) sine forslag til løysing på dei lokale klima- og miljøutfordringane.

-Det er kjekt at du utfordrar oss med ekstreme tankar, innvende varaordførar Tom Georg Indrevik (H) som svar på MDG-representanten  sine tankar om behov for nye buformar såvel som nye smarte samferdselstilbod skal vi ha håp om å løysa dagens klima- og miljøutfordringar.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.