Helgeturen: Nattpadling

Ikledd tørrdrakt og med lykt på kajakken kan nattpadling i haustmånadane verta ein av dei aller finaste turane i året.

Lett å bli sett av andre fartøy. Foto: Laila Reigstad.

Skjergarden kring Sotra byr på rike høve til å oppleva naturen i all si velde. Få ting overgår opplevinga av ein kajakk-tur.

Foto: Laila Reigstad.

Inn i solnedgangen
Mange kajakkpadlarar tenkjer på fritidsaktiviteten sin som ein solskinsaktivitet i sommarhalvåret. Når kveldane vert mørke og det vert kaldt i sjøen freistar det mindre å ta seg fram med rompa i vasskorpa.

Slik var det også for meg, heilt til eg vart invitert til å delta på fundraisinga for Shadrack Juma i regi av Reigstad Unlimited.

Les: Fundrising i fjøresteinane

Sjarm
Når sjøen så vidt krusar seg i flau synnavindsbris, får det å padla i mørke ein heilt eigen sjarm, oppdaga eg fort.

Nord og vest på Sotra skal du ikkje langt vekk frå sivilisasjonen før mørket omgjev deg på alle kantar. På ei månelys natt skimtar du så vidt holmar og skjer som grå skuggar i det fjerne.

Mat- og skravlepause rundt bålet.

Tørrdrakt og lykt
Ikledd tørrdrakt og med lykt både på hovudet og framme og bak på kajakken, kan kajakkpadlaren ta seg trygt fram, heva over naturen sine stengsler som mørke og kulde.

Viktigast av alt er det lett å verta sett, av dei få andre fartøya som måtte ferdast i nærleiken.

Med raud lykt til styrbord og grøn lykt på babord går det greitt å orientera seg. Ein fin anledning til å halda navigasjonskunnskapane ved like.

Inn i solnedgangen
-I oktober-november vert padleturane ekstra spesielle. Vi startar i dagslys, padlar inn i solnedgangen, går i land på eit svaberg i skumringa, et og skravlar rundt bålet og så padlar vi ut i mørket, seier Laila Reigstad om turane ho arrangerer kvar måndag og onsdag, nær sagt året rundt.

Ingen grunn til å la kajakken gå i opplag i vinter!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.