Sotrasambandet skal fram – 100 grunneigarar truga av ekspropiasjon

Statens vegvesen har varsla ekspropiasjonssak mot fjerdedelen av grunneigarane langs det nye Sotrasambandet.

Prosjektleiar Arve Tjønn Rinde for Sotrasambandet byrjar å renna ut for tid med utlysinga av OPS-kontrakten dette året. Alle dokumentfilene skal vera overførte til den internasjonale tilbodsdatabasen Eu-supply.com innan veke 50/51, lovar han.

Då det før sommaren vart klart at utlysinga av OPS-kontrakten på Sotrasambandet var utsett enno ein gong, grunngav statssekretær Tommy Skjervold (FrP) i Samferdselsdepartementet utsetjinga mellom anna med manglande framdrifta i grunnerverv.

Les: Sende statssekretær for å få feriefred

Ikkje øyramerka midlar
Dei 9,4 kilometrane med fire felts motorveg skal gå gjennom eit tett utbygd område. Kring 650 eigedomar, med 400 eigarar vert berørte av bygginga av det som vert eit av dei største vegprosjekta i landet. Eit 30-tals grunneigarar mistar heimane sine.

-I Nasjonal Transportplan vart det sett av midlar til førebuande arbeid, medrekna gjennomføring av grunnerverv, seier prosjekt leder Arve Tjønn Rinde i Statens vegvesen til nettavisa Tunnelsyn.no.

NTP har likevel ikkje nokon eigen budsjettpost øyremerka til grunnerverv, hevdar prosjektleiaren.

– Mi oppleving er at dette arbeidet er krevjande. Den godkjente reguleringsplanen gjev oss det handlingsrommet me treng, så prosessen er i rute, seier Rinde.

Veldig mange
-Det er spesielt med så mange grunneigarar, så tett innpå eit slikt stort prosjekt, seier leiar for grunnervervet på Sotrasambandet, Hans Kristian Stenerud.

Ein så omfattande prosess må følgje lovar og reglar og vil ta tid. Framdrifta på dette arbeidet er i rute, samstemmer Stenerud.

Manglar tid
Tid er ikkje akkurat det prosjektteamet for sambandet har mest av. 30.000 bilar som stangar i kø over dagens bru har skapt ein sterk opinion lokalt med krav om ei rask ferdigstilling av den nye brua.

Prosessen med grunnerverv starta i 2017. Samtlege av dei 400 grunneigarane har no fått tilbod om ein minneleg avtale. Ikkje alle har takka ja.

Trugar med skjønnsretten
-Eit 100-tals grunneigarar har fått vedtak om ekspropiasjon, seier Stenerud.

Kor mange av eksprospiasjonsvarsla som til sjuand og sist vil verta behandla i Skjønsretten er førebels uvisst. For å koma i mål med grunnerverva før gravemaskinene set grabben i jorda, køyrer Statens vegvesen ekspropiasjon som eit parallelt løp med forhandlingar, ifølgje Stenerud.

Finna ny heim
For dei 30 familiane som mistar heimane sine gjeld eigne reglar. Dei skal ha tid til å finna seg ein ny bustad. Dei som vert utløyste gjennom ein minneleg avtale, skal kompenserast i forhold til takst. For at kompensasjonen skal opplevast så rettferdig som mogeleg, vert det i kvart tilfelle utarbeida to takstar, ein frå grunneigar og ein frå Statens vegvesen.

Endar saka i Skjønsretten vert det opp til dommarane å fastsetja erstatninga.

Lang tid
Diskusjonen om val av trase for nytt Sotrasamband har teke fleire tiår. Det er reguleringsplanen, som vart vedteken i 2016, som gjev grunnlag for grunnerverv.

-Ein del av bustadeigarane har visst i lengre tid at dei må ut. For dei kan det vera ei lette å endeleg kunna få eit oppgjer, slik at dei kan koma seg vidare i liva sine, seier Stenerud.

-Dette er eit grunnerverv som berører veldig mange. Dette er ei oppgåve vi diverre er sett til å handtera. Vi må ha respekt for at slike prosessar kan vera kjenslemessig viktige for ein del av dei som vert berørt, fortel Stenerud.

Næringseigedomar
Erverv av bustadar og delar av private hagar er ein ting, men i denne prosessen skal det også innågast avtalar med eigarar av næringseigedomane som vert berørt av planen, som asfaltverket til YIT AS og Sigba Eigedom AS i Knarrevik.

Les: To stadar aktuelle for flytting av asfaltverket

Mellombels bruk
Krevjande har det og vist seg å få til avtalar med dei grunneigarane der OPS-leverandøren berre vil få behov for tilkomst eller bruk av ein eigedom i delar av anleggsperioden. I slike saker er det gjerne usikkert både kor stor del av eigedomen som vil verta omfatta, og kor lang tid OPS-leverandøren vil ha behov for å disponera arealet.

Her er regelen at grunneigar skal kompenserast i samsvar med ulempe. Noko som kan vera krevjande å fastslå.

Fleire av dei varsla ekspropiasjonssakene dreier seg nettopp om slike tilfelle, etter det nettavisa Tunnelsyn.no kjenner til.

Opp til OPS-entrepenøren
I slike tilfelle vert det opp til OPS- leverandøren å sørga for at ulempen for grunneigaren vert så lite omfattande og kortvarig som mogeleg, ifølgje Rinde.

-Ein del av prekvalifiseringa av potensielle OPS-leverandøren vil gå ut på å forsikra oss om at dei kjenner til dei norske spelereglane og at dei vil leggja opp til å redusera belastninga så mykje som mogeleg, seier Rinde.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.