Gjervargleda har passert ein million

Klokka 22.00 søndag kveld har resultatet for TV-aksjonen i nye Øygarden såvidt passert ein million kroner.

Arkivbilete. Liv Edel Mikkelsen i Øygarden Frivilligsentral har så langt fått inn i snitt nær 51 kroner frå kvar øygardsstril.

 

 

Fjell er utan tvil den av dei tre kommunane som har bidrege mest. Heile 569.708 kroner er kome inn så langt. Eit resultat som fører kommunen opp på ein 6. plass i Hordaland.

Langt største delen av beløpet er samla inn gjennom bøsseaksjonen.

Kvar fjellsokning har så langt bidrege med 21 kroner og 77 øre.

Mest per innbyggjar
Øygarden er den kommunen som har bidrege mest per innbyggjar. 50 kroner og 89 øre tilseier at Øygardsstrilane så langt ligg på ein niande plass i fylket.

Her er det Øygarden kommune som er den største bidragsytaren, med heile 100.000 kroner.

Over snitt
Innbyggjarane i Øygarden er dei einaste som har gjeve meir enn landssnittet.

I Sund har det kome inn 183.439 kroner, eller 25 kroner og 98 øre per innbyggjar. Også her er det bøsseberarane som har henta inn brorparten av beløpet.

I Hordaland er det no samla inn totalt 11,193 millionar kroner. Snittet for samtlege norske innbyggjarar er 26 kroner og 35 når dette vert skrive.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.