Forskjellsbehandling frå Sund kommune knekte Roald sin privatøkonomi

Då Sund kommune skrudde opp festavgifta på tomten til Roald Broch med 1.416 prosent, klarte han ikkje å betala rekninga. No vil kommunen selja heimen hans på tvangssal.

-Det er tankevekkjande at festeprisen vert mangedobla samtidig som kommunen legg ned skule, butikk og bank her i Klokkarvik, og flyttar heile den kommunale administrasjonen til Skogsskiftet, seier Broch.

Det var i 1970 at dåverande Sotra Tomteselskap AS inngjekk avtale med Opplysningsvesenets Fond (OVF) om feste av delar av prestegarden i Sund. Dei neste åra vart det lagt ut tre felt med totalt 70 – 80 bustadar på framfesta tomtar i Klokkarvik.

I desse 50 åra har det skjedd fleire ting: Sund kommune overtok i 1993 ansvaret for den opphavelege festeavtalen etter Sotra Tomtselskap AS.

Mange av tomtefestarane har nytta høvet til å kjøpa ut tomtane sine til ein gunstig pris. Framleis er det 10 – 20 festetomtar i området kring kyrkja som ikkje er innløyste.

Avgiftshopp
Roald Broch vaks opp i området, og kjøpte bustaden i Liavegen etter at han sjølv stifta familie.

Dei første åra betalte han 1.140 kroner i festeavgift. Broch har ein av dei største tomtane i feltet. Festeavgifta vert rekna per kvadratmeter. Han var difor ein av dei som fekk merka det aller mest då Sund kommune heva festeavgifta med 1.416 prosent i 2016. Ny festeavgift – 17.970 kroner.

Broch var alt i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det kommunale avgiftshoppet var steinen som velta lasset. I dag ligg heimen hans ute på tvangssal.

Han er ikkje aleine. Sund kommune har lagt ut bustaden til minst ein annan tomtefestar i området på tvangssal til dekning av ubetalt avgifter.

Kontraktfesta
No har Broch hyrt advokat for å kjempa for å få avgiftshoppet kjend ulovleg, og få behalda heimen.

Sund kommune har gjort ei rekkje sakshandsamingsfeil i samband med mangedoblinga av festeavgifta, hevdar den ulukkelege huseigaren.

Kommunen sin festekontrakt med OVF tillet regulering av festeavgifta kvart 20. år. I 2010 fekk Sund kommune melding om at grunneigaren ville heva den årlege festeavgifta vesentleg, til 153 kroner per kvadratmeter.

-Det er tankevekkjande at festeprisen vert mangedobla samtidig som kommunen legg ned skule, butikk og bank her i Klokkarvik, og flyttar heile den kommunale administrasjonen til Skogsskiftet, seier Broch.

Vindauge
Samstundes som OVF varsla auke i festeavgifta fekk kommunen opplyst at dei no hadde eit vindauge på to år til å auka avgifta tilsvarande på framfesta tomtar.

Det vindauget lot kommunen vera å nytta seg av. Først i 2014 vart det sendt ut varsel til tomtefestarane om auka festeavgift.

-Sund kommune sov i timen. Kravet skulle ha vore sendt ut i 2010, i henhald til kontrakten med OVF. Ved å venta til 2014 har dei oversite freisten for å heva avgifta, hevdar Broch.

Indeksregulert
Men det er ikkje einaste feilen han meinar kommunen har gjort i denne saka:

Festavgifta skulle ha vore indeksregulert. Avgiftshoppet som OVF framla for Sund kommune i 2010 var langt høgare enn indeksauken i perioden, ifølgje Broch.

-I 2010 burde kommunen ha reagert på den urimelege avgiftsauken og protestert. Ved at dei i staden sat passive godtok dei avgiftshoppet, hevdar Broch.

-Oppjusteringa av festeavgifta skulle ha vore behandla politisk. Det har ikkje skjedd, legg Broch til.

Statlege subsidiar
Ikkje berre det. Sund kommune er langt frå den einaste med bustadar på festa tomtar. Som eit resultat av massivt press frå tomtefestarar over heile landet gjennomførte Staten i åra mellom 2010 og 2016 ei omfattande subsidiering av tomtefestaren, både ved innløysing av festetomtar og ved regulering av festeavgifta, har Broch funne ut.

– Ved å forhalda seg passivt då dei hadde høve til å regulera festeavgifta har Sund kommune late vera å ivareta festarane sine interesser. Vi gjekk dermed glipp av høvet til å nytta dei gunstige statlege ordningane, hevdar Broch.

Festeavgifta må sjåast i samanhang med eigedomsskatten. Det samla avgiftstrykket får ikkje overstiga ei smartegrense, hevdar Broch og viser til ein dom i Strasbourg.

For Broch sin eigedom utgjer det samla avgiftstrykket frå Sund kommune vel 35.000 kroner, festeavgift, eigedomsskatt og VAR, medrekna.

Forskjellsbehandling
Men auken i festeavgifta har ikkje vore lik for alle dei attverande tomtefestarane. Ein del av dei, mellom anna far til Roald Broch, får framleis krav frå kommunen pålydande den gamle avgifta, 838 kroner for året.

Då Broch senior i 2014 fekk krav frå Sund kommune om å betala auka festeavgift, gjekk han til advokat som viste til at avgiftshoppet var ugyldig og som truga med å rettsforfølgja kravet. Seinare har han ikkje høyrt noko meir frå Sund kommune om den varsla avgiftsauken.

Klokkarvik er ein liten stad der dei fleste kjenner kvarandre. Ved snakka med naboane har Roald Broch funne ut at eindel av dei attverande tomtefestarane har fått festeavgifta vesentleg oppjustert, medan eindel framleis vert kravd etter gammal takst.

Skjermar dei med makt og pengar
Ved første augekast kan det framstå som tilfeldig kven som har fått auka avgifta og kven som framleis får krav i henhald til gammal takst. Ser du på namna, og veit kven dei er, dannar det seg likevel eit mønster, ifølgje Broch.

-Dei som har ein posisjon i kommunen, eller som har ressursar til å engasjera advokat, betalar framleis etter gammal takst. Det kan verka som om kommunen har gått etter dei med svakare økonomi, hevdar Roald Broch.

Sak for kontrollutvalet

-Eit samrøystes kontrollutval ba om å få saka utgreidd til neste møte, seier Ivar Steinsland, leiar for kontrollutvalet i Sund.


Broch får støtte av Ivar Steinsland, leiar for kontrollutvalet i kommunen, i påstanden om at det kan verka som om Sund har ein uheldig sosial profil på kven som har fått oppjusterte festeavgifta.

Steinsland fekk oversendt dokumentasjonen frå Roald Broch kvelden før siste møte i kontrollutvalet 9. oktober.

-I denne saka er det mykje som skurrar, seier leiaren for kontrollutvalet til nettavisa Tunnelsyn.no.

-Kommunen kan ikkje frå eitt år til det neste auka festeavgifta frå 800 kroner året til 16.000 – 17.000 kroner, seier Steinsland som ein umiddelbar reaksjon på dokumentasjonen kontrollutvalet har fått tilsend frå Broch.

-Eit samrøystes kontrollutval bad om å få saka utgreidd til neste møte, seier Steinsland.

-Sund kommune er ikkje einaste kommunen med festetomtar. Her vert vi nøydd til å sjå på kva som har vore gjort andre stadar, seier leiaren for kontrollutvalet.

Støy
-Personleg synes eg denne saka er uheldig, legg Steinsland til.

Leiaren for kontrollutvalet kjenner godt til festetomtane i Klokkarvik. Han var sjølv ein av festarane inntil han kjøpte ut tomten sin for ein rimeleg sum tidleg på 1990-talet. I dag bur han utanfor området.

Også ved førre avgiftsregulering var det mykje støy kring auken i festeavgifta, minnast Steinsland.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.