Folkevald for MDG reagerer på å verta kalla «ekstrem»

Maria Thomassen (MDG) mislikar at påtroppande ordførar Tom Georg Indrevik (H) under debatten om samferdsel sist veke kom til å kalla meiningane hennar for «ekstreme».

(Saka er oppdatert.)

Påtroppande ordførar Tom Georg Indrevik (H) og Maria Thomassen (MDG) representerte det første kommunestyret i nye Øygarden i debatten om morgondagens samferdsel og kollektivtransport i nye Øygarden.

Under debatten om morgondagens samferdsle og kommunikasjon på Fjell folkeboksamling på Straume sist torsdag sat både Indrevik og Thomassen i panelet, saman med Kristian Amlie frå Bouvet.

Thomassen la ikkje skjul på at ho er skeptisk til at nytt Sotrasamband og firefelts motorveg frå Kolltveit til Ågotnes er rett medisin til å løysa dei klima- og miljømessige utfordringane som nye Øygarden kommune står ovanfor på samferdslesektoren.

-Kjekt at du utfordrar oss med ekstreme tankar, kommenterte påtroppande ordførar Tom Georg Indrevik den unge MDG-representanten sine meiningar.

Les: -Same kva vi i MDG seier, så er svaret meir veg

-Det at Høyre set seg sjølv som norm ved å karakterisere andre politiske innspel og forslag som ekstreme vert helt feil, seier Thomassen til nettavisa Tunnelsyn.no.

-Vi i MDG kjem ikkje med ekstreme løysingar, kun fremtidsretta løsningar som tenkjer langsiktig. Det at MDG meninar vi ikkje bør byggja firefelts motorveg i utmarka imellom Straume og Ågotnes, det er ikkje ekstremt. Tvert om. All forsking viser at meir veg gjev meir trafikk på lang sikt. Vi ønskjer å redusera biltrafikken og køane. Det skjer ikke om vi byggjer meir veg. Den sitjande regjeringa med Høgre i førarsete har eit nullvekstmål som tilseier at all vekst i trafikk skal skje innan kollektivtransport og ikkje innan privatbilismen. Det syntes jeg ikke henger samman med Høyre i Øygarden sitt ønskje om firefeltsveg i utmarka, utdjupar Thomassen resonnementet som Indrevik altså karakteriserte som «ekstremt».

-Eg håpar verkeleg at dei politiske diskusjonane i nye Øygarden i framtida ikkje vil innebera å karakterisera kvarandre som ekstreme, seier den unge folkevalde frå MDG som torsdag denne veke møter for første gong i kommunestyret for den nye kommunen.

Indrevik nyanserer
I ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no nyanserer Indrevik utsegnet han kom med i debatten:
-MDG har på mange område gode innspel og forslag. Men for meg er nokre av dei for ekstreme, skriv Indrevik.
-Eg beklager dersom Maria oppfattar det som negativt – det var ikkje meint slik, legg Indrevik til.

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.