Ny utbetaling frå Havbruksfondet

I fjor fekk Fjell, Sund og Øygarden 41,2 millionar frå Havbruksfondet. No er det klart kor mykje kommunane får utbetalt i år.

Frå Blom sitt visningsanlegg i Øygarden. Arkivfoto: Morten Wanvik.

Utbetalinga frå Havbruksfondet kjem som konsekvens av auken i biomassen i oppdrettsanlegga for laks, aure og regnbogeaura i dei tre kommunane siste to åra, ifølgje Fiskeridirektoratet som har ansvaret for fordelinga av pengane.

Heile 80 prosent av inntektene frå kjøp av nye konsesjonar vert tilbakeførte til kommunar og fylkeskommunar som stiller sjøareal til disposisjon for vekst i oppdrettsnæringa.

Fjell, Sund og Øygarden får i år ei samla utbetaling på 3,16 millionar kroner. Utbetalinga vert fordelt slik:

Sund 800 653
Fjell 931 056
Øygarden 1 430 034
Totalt nye Øygarden 3 161 743

Rekordår
Utbetalinga dette året er beskjeden, samanlikna med rekordåret 2018. Då fekk dei tre kommunane utbetalt til saman 41,2 laksemillionar.

Les: Får 41,2 laksemillionar

Pengar som kom vel med i kommunar med svært anstrengt økonomi. I Sund førte utbetalinga på 10,9 millionar til at kommunen dobla driftsoverskotet i fjor.

Les: Sund dobla overskotet med Havbruksfondet

Raud sone
Dei tre kommunane ligg i eit område som vert karakterisert som «raud sone» for vidare vekst i oppdrettskapasiteten, på grunn av dei uheldige konsekvensane den høge forekomsten av lakselus har på villaksbestanden.

Om situasjonen ikkje betrar seg, kan oppdrettsanlegga i området verta pålagt å redusera mengda av fisk i merdene neste år.

Les: Lokalt havbruk har fått vekstforbod

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.