Richard (29) drøymer om å verta Rema-kjøpmann

-Det er kunden som er sjefen, smiler Richard Øvretveit Ågotnes. Serviceinnstillinga medverka til at han vart kåra til Årets Medarbeidar på Rema 1000 Sartorparken.

Richard Øvretveit Ågotnes har fått ei hand om vandrepokalen. Pyramiden beheld han til minne om då han vart kåra til Årets Medarbeider, smiler Rema 1000-kjøpmann Ove Forstrønen.

Richard Øvretveit Ågotnes (29) har jobba på Rema 1000 i Sartorparken sidan han vart ferdig med vidaregåande. Frå å sitja i kassen har han gradvis fått auka ansvar, til å låsa, laga utstillingar og tinga varer, mellom anna.

Det er leiinga i den lokale Remabutikken på Straume som har kåra han til Årets Medarbeidar.

Byggjer medarbeidarane
-Rema 1000-systemet treng flinke folk. Vi byggjer medarbeidarane, grunngjev ein smilande dagleg leiar Ove Forstrønen valet.

For å auka forståinga av kva han eigentleg driv på med, har Richard siste året følgt kursa i fagopplæringa i sal og service, i regi av Sartor Storsenter og Folkeuniversitetet. No manglar han berre den praktiske delen av fagprøven.

Den unge mannen sine planar framover er spikra: Richard skal verta Rema 1000 kjøpmann.

Det som skal til
-Richard har det som skal til for ein ung kjøpmann. Han har arbeidskapasitet og serviceinnstilling. Dessutan er han godt likt mellom dei tilsette. Ein ekstra pluss er det at han meistrar den digitale utviklinga i ein bransje som i stadig sterkare grad vert styrt av mobiltelefonen, rosar sjefen.

Daglegvarehandelen er prega av sterk konkurranse. Skal Ågotnes ein gong i framtida lukkast som kjøpmann treng han meir fagleg ballast enn berre PLU-kodar og gode haldningar: Denne hausten tek han fatt på eit nytt kurs på Folkeuniversitetet, denne gongen i økonomi.

Lagbyggjar
I butikken på Straume skal han samstundes trenast i leiarrolla, og i personalutveljing. Han skal læra å setja saman sitt eige team, seier Forstrønen.

At folk er flinke på ulike ting, har Richard for lengst merka seg. Å få til rette balansen mellom det å vera leiar og det å vera kompis kan nok likevel verta ei utfordring, medgjev den framtidige kjøpmannen.

Serviceinnstillinga er ein av dei tinga han skal innprenta i dei nye medarbeidarane sine:

-Kunden er sjefen. Når konkurransen aukar, er service den detaljen som ikkje kan kopierast, og som gjer at kunden sit att med kjensla av å ha ei god oppleving i nettopp min butikk, seier Richard.

Nålauga
Målet med den systematiske opplæringa er å koma inn på Rema 1000-konsernet si nasjonale kjøpmanns-utdanning. Berre eit 20-tals personar passerer nålauga årleg.

-Det å tørra å seia dette forpliktar. No vert eg nøydd til å prioritera hardare. Det vert nok mindre fotball framover, smiler Richard Øvretveit Ågotnes.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.