Fjell sviktar ettervernet av barnevernsungdomane

Fjell kommune sikrar ikkje at ungdom som har eller har hatt tenester frå barnevernstenesta får det tilbodet om ettervern dei treng frå barnevernstenesta og NAV etter fylte 18 år.

Barnernstenesta og NAV i Fjell sviktar ettervernet for ungdom i alderen 18 – 24 år, avdekka fylkeslækjaren i eit tilsyn i september.

Korleis går det med ungdom i Fjell mellom 18 og 24 år som har vore under tilsyn av barnevernet? Får dei forsvarleg ettervern? Eit tilsyn av fylkeslækjaren avdekka fleire brot på barnevernslova og sosialtenestelova, melder fylkesmannen i Hordaland.

Verken barnevernleiaren, sosialsjefen, NAV-leiaren eller rådmannen, har hatt god nok styring og kontroll med kva oppfølging og hjelp ungdomar får av barnevernstenesta og NAV, ifølgje rapporten fylkeslækjaren har utarbeida i etterkant av tilsynet i september i år.

Ifølgje sosialtenestelova er kommunen, gjennom barnevernet og NAV, pliktig til å leggja til rette for og følgja opp at ungdommane mottek individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege barneverntenester og sosiale tenester.

Kommunen skal dokumentera at ungdomane har fått informasjon om aktuelle tilbod i god tid før dei fyller 18, kva behov dei einskilde har, og kva tilbod dei får. I Fjell er denne dokumentasjonen mangelfull.

Brukarmedverknad er ein føresetnad for individuelt tilpassa tenester. Det vert føresett at dei ulike instansane i kommunen samarbeider og koordinerer tenestene til dei einskilde, ut frå behov. Gjennom intervju med eit utval brukarar i alderen 18 – 24 år har fylkeslækjaren konstatert at Fjell kommune ikkje lever opp til krava i lova.

-Tilsynet har avdekt gjennomgåande svikt i kommunens arbeid med å sikra at ungdom som treng det får forsvarleg ettervern og/eller forsvarlege sosiale tenester frå barnevernstenesta. Dei får ikkje naudsynte, individuelt tilpassa sosiale tenester frå Nav, konkluderer fylkeslækjaren.

Fjell kommune har fått frist til 21. november med å vurdera kvar årsaka til lovbrotet ligg og til å koma opp med ein plan for korleis dei ulovlege tilhøva kan rettast opp.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.