Ferjeavløysingsmidlane som krympa – fastlandssamband for Lerøy og Bjelkarøy avlyst

Utsiktene til 600 millionar statlege kroner i ferjeavløysingsmidlar til fastlandssamband for bebuarane på Lerøy og Bjelkarøy har i løpet av fire år kokt ned til 36 millionar.

Sjøvegen kjem til å vera einaste vegen til Lerøy, i føreseibar framtid.

I nærare 70 år har beburane på Lerøy og Bjelkarøy i Krossfjorden drøymt om fastlandssamband over til Hjellestad. No skrinlegg Sund kommune den draumen, truleg for godt.

Skuffande tal
I dei fire åra ordninga om ferjeavløysingsmidlar på fylkesvegnettet har eksistert, har ordninga utvikla seg til å verta historia om støtteordninga som var for god til å vera sann. Dei borte i Oslo har endra reglane for tilskot langt raskare enn kommunane og fylkeskommunane har rukke å arbeida.

Dei siste utrekningane frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser at Staten berre vil løyva 899.000 kroner i årlege ferjeavløysingsmidlar dersom det vert bygd bru over Åleknappsundet på Bjelkarøy til Hjellestad og ferja Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad vert lagt ned, kunne ordførar Kari-Anne Landro fortelja formannskapet i Sund i går.

Totalt for heile 40-årsperioden vil ferjeavløysingsmidlane utgjera 36 millionar kroner.

-Skuffande tal, seier Sund-ordføraren som hadde venta seg langt større summar.

Sund-ordførar Kari-Anne Landro (H) er skuffa over kor små midlar ordninga med ferjeavløysingsmidlar har kokt ned til å innebera for sambandet Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarvik – Hjellestad. Arkivbilete.

-Ein kan sitja att med spørsmålet om det var slik ferjeavløysingsordninga var meint å verka, i utgangspunktet, skriv Landro i eit notat som er meint å enda i innkorga i departementet.

Subsidier
Det offentlege er lovforplikta til å halda norske innbyggjarar med veg- eller båtsamband. Årleg subsidierer stat og fylkeskommunar dei reisande med milliardar av kroner. Men med lang tid mellom avgangane vert båt og ferje gjerne oppfatta som uhensiktsmessige og lite fleksible framkomstmiddel i bilen sin gullalder. For å stimulera til auka vegutbygging innførte Stortinget ordninga med ferjeavløysingsmidlar på strekkjer der asfalt, bruer og tunnelar kan erstatta dei dieseldunstande gyngehestane.

Då ordninga med ferjeavløysingsmidlar i 2015 vart utvida til også å omfatta fylkesvegnettet, samstundes som nedbetalingstida vart forlenga frå 30 til 40 år, fekk dei kring 60 attverande fastbuande på øyane i Krossfjorden nytt håp.

Krone for krone

Stortingsrepresentant Helge Njåstad (Frp) var saksordførar då ordninga med ferjeavløysingsmidlar på fylkesvegnettet vart innført i 2015. Seinare har han vore på rundtur med Sundferja.  Her saman med Kjell Arne Lerøy. Arkivbilete.

Ferjeavløysingsmidlane skulle utgjera like mykje som driftskostnadane på ferjesambandet nyvegen skulle avløysa. Slik var tanken. I alle fall vart det framstilt slik.

Eit fastlandssamband frå Lerøy, med fylling over til Bjelkarøy og bru over Åleknappsundet til Hjellestad vart i 2012 kalkulert til kring 300 millionar kroner.
Det burde halda. Då ordninga vart utvida til også å omfatta fylkesvegnettet, løyvde Staten ein fast sum på 19 millionar kroner årleg til drifta av kvart av dei vel 200 ferjesambanda. Sjølv om ein tok forsiktig i, skulle dei nye reglane innebera inntil 600 millionar til vegutløysing for øyane i Krossfjorden, lova saksordførar Helge André Njåstad då han var på valkampturne i Sund seinsommaren 2015.

Les: Ferjeavløysingsmidlar kan gje 600 millionar til fastlandssamband

-Sats no!

Ferjeavløysingsmidlane var tenkt å kunna finansiera eit samband frå Lerøy over Bjelkarøy til Hjellestad. Foto: Google Maps.

– Sats no! Det gunstigaste er å koma inn i ordninga med ferjeavløysingsmidlar tidleg, medan ordninga enno er god, råda Njåstad då han i februar 2017 var på rundtur med Sundferja saman med dåverande statssekretær Kristin Holm Jensen i Kommunal og moderniseringsdepartementet.

Hensikten med synfaringa, som omfatta fleire ferjesamband langs Norskekysten, var å vurdera korvidt det som då var ei generell ordning kunne verta meir treffsikker, fortalte Njåstad til nettavisa Tunnelsyn.no den gongen.

Les: Manglar 83 meter bru

Men i Sund var dei langt frå klare til å setja gravemaskinene i arbeid. Reguleringsplanen på Bergen-sida var ikkje vedteken. Dessutan mangla sambandet prioritet i Regional Transportplan, kom det fram då Hordaland fylkeskommune byrja fatta interesse for saka.

Les: Sundordføraren ser fleire hindre for ferjeavløysing

Kutta kraftig
Under åra i posisjon, med ansvar for dei statlege finansane, har den blå regjeringa følgt Njåstad sine råd. Dei kutta kraftig i ferjeavløysingsordninga. Resultatet er at det som i utgangspunktet vart framstilt som ei gunstig ordning, ikkje lenger strekk til å finansiera eit fastlandssamband for bebuarane på Lerøy og Bjelkarøy.

Dette er kutta som rammar øybuane:
Reglane for ferjeavløysingsmidlane er blitt endra frå å vera ei generell ordning til berre å dekka dei faktiske driftskostnadane på det aktuelle ferjesambandet. For Sundferja vil det seia at støtta vert redusert frå 19 millionar til kring 12 millionar kroner årleg.

Men det er før fråtrekk. Til fråtrekk kjem kostnaden med å drifta det nye vegsambandet i 40-årsperioden.

I dette tilfellet er det dessutan ein tredje regelendring som slår inn: Innkorting av eit ferjesamband inneber redusert støtte. Ferja mellom Klokkarvik og Lerøy var tenkt lagt ned når eit vegsamband frå øyane og over mot Hjellestad vert teken i bruk. I Kommunal og moderniseringsdepartementet har dei likevel rekna som om Sundferja framleis skal gå mellom Klokkarvik og Lerøy.

Avløysing for Sundferja var eit av fire aktuelle prosjekt i Hordaland i 2015. Så langt er ingen av prosjekta endeleg vedtekne.

1 Comment

  1. Dette er eit politisk svik mot alle som bur på Lærøy og Bjelkarøy. Det er i hovudsak fem faktorar som kan innvirka på manglande framdrift: 1. Mangel på lokalpolitisk engasjement frå Sund kommune. 2. Vegreforma. 3. Bergen kommune si manglande politiske haldning for framdrift i plansaka. 4. Fylkeskommunen si «trenering» av framdrift.
    5. Stortingspolitikarane som «lover og lyg». Øybuarane er svikta av storsamfunnet.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.