Kiwanis held fram tradisjonen

Lokale kunstnarar får kjærkomen merksemd under Kiwanis årvisse haustutstilling.

Folkekjære Kjell Andersland har denne gongen late seg inspirera mellom anna av kommunesamanslåinga – robåten, med tre par årar, er klar til sjøsetjing. Fyrtårnet skimtar vi i bakgrunnen. Eit av dei aller første bileta som vart seld.

26 kunstnarar, mange med lokal tilknyting – nokre med internasjonale røter – fyller i desse dagane 2. etasjen i Sartor Storsenter med fargerik kunst i eit breidt utval av teknikkar.

Nokre, som Marit S. Andresen, er for veteran å rekna. Andre deltek for første gong. Her finn du kunst frå profesjonelle som Roald Tellnes, Alexander Stub og Jarl Hugo Låstad side om side med bilete frå folkekjære Kjell Andersland.

Dei som er på leit etter bursdags- eller julegåver kan velja mellom bilete, smykker og dekorative bruksgjenstandar. Teknikkane varierer – glas, olje, tre, akvarell, keramikk og akryl er noko av det dei besøkjande kan beundra og kjøpa. Prisane startar på eitpar hundrelappar, og strekkjer seg opp mot 30.000 kroner.

-Ser du mannen? spør Ingunn Oma Tvedt. Ergoterapeuten likar å fortelja historiar i sine figurativ-abstrakte bilete i akryl.  Det blå representerer håpet, og er meint å gje inspirasjon til å våga. Dei dreide tregjenstandane er det Ove Olsen som står for.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.