Festdag i Spildepollen

197 glade og utforskande elevar hadde i dag første skuledagen på splitter nye Spildepollen skule.

Allrommet vert hjarta i Spildepollen skule, viser ein stolt rektor Linda Selheim. Bjor Grønner har laga kunsten på veggen. Han står og bak tre andre kunstverk på skulen.

Den nye barneskulen i Spildepollen erstattar skulane på Glesnes og Telavåg. I tillegg har dei henta elevane frå tidlegare Pollen skule heim att frå Skogsvåg skule, fortel ein stolt rektor Linda Selheim til nettavisa Tunnelsyn.no.

Tilpassa behovet
Nyeskulen ligg i eit framtidig utbyggingsområde og har plass for 300 elevar i 1. – 7. klasse. Første året vil det likevel berre vera 200 elevar som spring rundt i gangane.

-Eit himmelrike samanlikna med der vi kom frå, strålar Selheim som inntil i går var rektor på Glesnes skule.

-Her får vi eit bygg som er tilpassa oss. Vi slepp tilpassa undervisninga til eit gammalt bygg i tre etasjar, smiler rektor som over natta har fått ansvar for meir enn dobbelt så mange elevar.

Spesialrom

Frå rommet til 1. klassen. Charlotte Hjørnevik underviser.

Innearealet utgjer vel 3.000 kvadratmeter. Skulen er inndelt i seks læringsareal, kvart med to formidlingsrom, to grupperom og eit undervisningsrom. Lærarane skal ha arbeidsplassen sin i tilknyting til det læringsarealet dei tilhøyrer.

Kvart av læringsareala har sin eigen farge. Fargane går att på vindaugene i inngangspartiet, viser rektor Linda Selheim.

Allrommet strekkjer seg over begge etasjane og skal vera hjarta i bygget. Herifrå vert det inngang til dei nye spesialromma som elevar og lærarar har sakna på skulane dei kom frå; musikk, dans og drama med eige lydstudio, skulekjøken og kunst og handtverksrom. Forskarrom og drivhus erstattar dei tidlegare naturfagsalane.

Alle spesialromma er påkosta nytt og topp moderne utstyr, fortel Selheim.

Spildehallen
Den nye Spildehallen vegg i vegg, med oppunder 1.900 kvadratmeter golvflate og eigen klatrevegg, avløyser Sundhallen største idrettshallen i Sund. Her skal det verta rom for både idrett og kulturelle aktivitetar, forsikrar Selheim.

Utandørs er alle leikeapparata samla på vestsida av bygget. Her er husker, klatrestativ, løypestreng og gapahuk, mellom anna.

Den utandørs kunstgrasbanen er klar til å takast i bruk. Ferdig er og dei første 1,6 kilometrane av gangstien som bind skulen saman med strandsona på nedsida av vegen.

Totalt disponerer skulen ein tomt på 20 mål.

For framtida
-Spildepollen skule er bygd for framtida. Ved å byggja stort no slepp vi fordyrande påbygg i framtida. Eg er glad for at politikarane valde det største og mest omfattande utbyggingsalternativet, seier Selheim.

Då kommunestyret i Sund vedtok utbygginga i fjor vår, laud budsjettet på 181 millionar kroner. 10,3 millionar kroner i spelemidlar kjem til fråtrekk for kostnaden med fleirbruksanlegget i Spildehallen.

-Opninga markerer fullføringa av skulebruksplanen for Sund kommune, legg rektor til.

Skulebruksplanen og justeringa av krinsgrensene inneber at sju barneskular i Sund har blitt redusert til tre; Spildepollen, Stranda og Skogsvåg.

-Moderne skular alle saman, forsikrar Selheim.

FAU føl med

FAU-leiar Fredrik Mortensen lovar å følgja med på integrasjonen av elevane.

Skulesamanslåinga har skjedd ikkje heilt utan protestar frå foreldre og FAU. Opningsdagen er FAU-leiar Fredrik Mortensen likevel oppteken av å sjå framover.

-Eg er spent på korleis integreringa av elevane frå dei tre skulane vil gå, seier Mortensen til nettavisa Tunnelsyn.no.

Foreldrerepresentanten lovar å ha eit vake auga også med korleis det går med ungane som tidlegare har kunna gå til skulane i heimbygda, men som no må ta buss. At ungane må gå av bussen nede i rundkøyringa, i staden for å verta køyrde heilt til døra, er noko FAU har kome med merknad til, ifølgje Mortensen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.