Tenkte på ungane

Sosialsatsane i Nye Øygarden bør følgja staten sine satsar også når det kjem til barnetillegg, tilrår formannskapet.

– Om det vert mindre til borna, er det oftast mødrene det går ut over, seier Maria Thomassen (MDG).

Det var Maria Thomassen (MDG) som på vegne av Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV og FNB fremma forslaget om at ingen grupper av sosialhjelpsmottakarar bør få mindre å rutta med enn det Staten tilrår ut frå eit nøkternt budsjett (SIFO).

Barnetillegg
Konkret foreslo MDG-representanten at foreldre til born i alderen 6 – 10 år bør få utbetalt 3.100 kroner i månaden, istaden for 2.900 kroner slik administrasjonen har tilrådd. Foreldre til barn i alderen 11 – 17 år bør få eit barnetillegg på 4.000 kroner, ikkje 3.400 kroner.

Då Sylvia Haugland (H) fremma eit tilsvarande forslag, var det duka for ei samrøystes tilråding frå formannskapet til kommunestyret.

Stordriftsfordelar
Barnerike familiar har stordriftsfordelar, tenkjer politikarane. Noverande Øygarden kommune vedtok i vår at foreldre ikkje skal få sosialhjelp til meir enn fire ungar.  No ser det ut til at vedtaket vert vidareført i den nye kommunen. Forslaget frå Torill Selsvold Nyborg (KrF) om at foreldre skal få økonomisk stønad til meir enn fire born fekk berre to røyster: Hennar eigen og Maria Thomassen.

Barnetrygda  skal ikkje gå til fråtrekk i utrekninga av sosialhjelpsatsane, var det brei politisk semje om. Kontantstøtte vil derimot verta rekna som inntekt.

Samordna satsar
Ved samordninga av sosialhjelpssatsane dei tre kommunane i mellom tilrår formannskapet at einslege vaksne skal få utbetalt 6.150 kroner månaden, par skal få 10.250 kroner, og personar i bufellesskap skal få 5.150 kroner. For barn i alderen 0 – 5 år skal foreldra få utbetalt 2.400 kroner.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.