Han kvesser sparekniven

For at drifta av Nye Øygarden skal gå i balanse i 2020 må det kuttast 116 millionar samanlikna med årets rekneskap i dei tre kommunane.

Prosjektrådmann Rune Lid ser føre seg at 2020 vert eit krevjande år for den nye kommunen. Arkivbilete.

Framfor budsjettarbeidet for 2020 snur prosjektrådmann Rune Lid alle steinar i jakta etter mogelege kostnadskutt. Vidarefører vi dagens aktivitetsnivå i Fjell, Sund og Øygarden inn i Nye Øygarden vil vi gå på ein solid smell også neste år, var prosjektrådmannen sin bodskap til det utvida formannskapet tysdag denne veka.

Ei framskriving av dagens aktivitetsnivå vil medføra eit underskot på 116 millionar første året som felles kommune, ifølgje Lid.

Lønskostnadar
Eigedomsskatten frå petroleumsinstallasjonane i Øygarden er tekne med i reknestykket. Endringar i det statlege inntektssystemet er noko av forklaringa på det store underskotet. Auka kostnadar forbunde med dagens aktivitetar, og særleg auka lønskostnadar som utgjer 70 – 80 prosent, er likevel den viktigaste årsaka til den vanskelege økonomiske situasjonen.

-Veksten i dei frie inntektene er heile tida lågare enn lønsveksten. Det er slik Staten effektiviserer kommunane, forklarte Lid.

Ingen fondsavsetjingar
Siste året som sjølvstendige kommunar har Fjell, Sund og Øygarden alle gått på ein skikkeleg smell økonomisk. Status på drifta etter ti månadar var eit samla underskot på 94 millionar kroner. Helst burde vi hatt eit overskot på 52 millionar, for å kunna setja av midlar til fond i samsvar med statlege retningslinjer.

I staden har kommunane siste åra nytta fonda til å saldera budsjetta. Som ein konsekvens går vi inn i den nye kommunen med eit samla disposisjonsfond på berre 127 millionar kroner. Helst burde disposisjonsfondet ha vore på 300 millionar eller meir. Heller ikkje driftsfonda eller investeringsfonda er av ein slikt storleik at dei kan fungera som buffer om dei dårlege tidene held fram.

Ikkje berekraftig
I mangel av inntekter har kommunane lånefinansiert stadig større del av investeringane. Samla gjeld utgjer no 3,1 milliordar kroner, eller 110 prosent av driftsutgiftene. Som ein konsekvens vil den nye kommunen til neste år måtta ut med 202 millionar kroner berre i renter og avdrag.

-Økonomien er ikkje berekraftig. Det er naudsynt med omfattande tiltak, men dette klarar vi, om vi jobbar saman og gjer tiltak basert på realistiske analyser, hevda Lid.

2 Comments

  1. Hadde nye Øygarden kommune vøre eit føretak som t.d. eit aksjeselskap, vil dette «føretaket» blitt krevd konkurs, men ein kommune som offentleg organ kan ikkje krevast konkurs. I dette ligg det at offentlege organ må ha i seg tillit til å forvalta fellesskapet sine verdiar på best mogeleg måte.

    I den nye kommunelova er ordet og begrepet BEREKRAFT kome inn. Dette forplikta politikarane til å ha eit realistisk fundament i pengebruken som skapar varige verdiar på ein nøkter måte av omsyn til miljø og utvikling. Slik den nye kommunen no er organisert, er det grunn til å reise spørsmålet: På kva måte blir berekraft dokumentert som «gevinst» ved kommunesamanslåinga over tid i det nye kommunebudsjettet ?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.