Krev programvare på nynorsk

Nye Øygarden bør verta ein nynorskkommune.

Jan Utkilen (SotraLista) starta vervet som leiar for Utval for tenester og levekår med å tilrå nynorsk som administrasjonsspråk i Nye Øygarden. Foto: Fjell kommune.

Det tilrår Utval for tenester og levekår (UTL) i ein uttale til kommunestyret om språkbruksplan for den nye kommunen.

Utvalet, som hadde sitt første møte i går, vert leia av Jan Utkilen (SotraLista).

Det er ein nær samanhang mellom språk, identitet og kultur. Fjell, Sund og Øygarden har i dag nynorsk som administrasjonsspråk. Nynorsk skal og vera administrasjonsspråket i den nye kommunen, vert det tilrådd i utkastet til språkbruksplan.

Her vert det og tilrådd at Nye Øygarden skal melda seg inn i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

I skulane i Sund og Øygarden er det langt fleire som nyttar nynorsk enn i Fjell. Medan knappe 32 prosent av elevane i Fjell les og skriv nynorsk, har heile 86,5 prosent av elevane i Sund og 91,6 prosent av elevane i Øygarden nynorsk som hovudmål.

Språket vårt vert i dag påverka av media og digitale plattformar. I den digitale verda bør det nyttast ein klår nynorsk som oppmuntrar til aktiv bruk. Alle programvare må vera tilgjengeleg på nynorsk, krev (UTL).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.