Oppsiktsvekkjande lærlingetiltak

Andelen elevar ved Sotra vidaregåande skule som går ut i lære har blitt dobla sidan 2016.

Den yrkesfaglege fordjupinga har blitt betre tilpassa næringslivet sine behov. Arkivbilete, Hordaland fylkeskommune.

Sotra vidaregåande skule er ein av seks i Hrdaland som har delteke i det fylkeskommunale prosjektet «Auka gjennomføring – fleire ut i lære», melder Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding.

Dobla
Sotra vidaregåande er ein av dei skulane som kan visa til største prosentvise auken i talet på lærlingar i perioden. På desse tre åra har andelen av elevar i vg2 som går ut i lære blitt dobla frå 41 til 82 prosent. Slåtthaug vidaregåande og Stord vidaregåande kan visa til om lag same prosentvise auken.

Sidan prosjektet tok til har talet på elevar frå vidaregåande skular i Hordaland som går ut i lære auka frå 4.400 til vel 5.200 i 2019. Auken har skjedd sjølv om elevtalet har vore stabilt.

Suksesshistorie
-Dette er ei suksesshistorie, konstaterer avtroppande fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

– Vi har satsa aktivt på å få fleire til å fullføre vidaregåande skule og få fleire ut i lære. Her har vi sett i gong tiltak som har lukkast. Vi har fått til eit tettare og betre samarbeid mellom skule og bedriftene. Vi har og fått tilpassa opplæringa meir etter det bedriftene ønskjer, forklarar Hestetun.

Tett oppfølging
Resultata har ikkje kome av seg sjølv. Skulane som har vore med i prosjektet har fått eigne yrkesfaglege koordinatorar som har følgt opp elevane tett. Det er innført eit eige læreplassrekneskap som følgjer kvar elev heile vegen mot læreplass. Faget yrkesfagleg fordjuping er dessutan blitt meir tilpassa næringslivet sine behov.

Planlegg lenger fram
– Før var vi opptekne av at elevane skulle fullføra vidaregåande skule. Vi tenkte ikkje så mykje på korleis det skulle gå med elevane vidare. No er den vidaregåande skulen og næringslivet blitt likeverdige. Vi samarbeider og tenker heile løpet på fire til fire og eit halvt år fram til eleven er ferdig i lære og har fått fag- eller sveinebrev, utdjupar prosjektleiar Hege Osebakken i Hordaland fylkeskommune bakgrunnen for det vellukka tiltaket

Resultata ved Sotra vidaregåande og dei andre skulane i Hordaland vekkjer oppsikt. I prosjektrapporten som no er overlevert til fylkesdirektør for opplæring vert det tilrådd å utvida prosjektet til å omfatta alle vidaregåande skulane i Vestland.

I Oslo og Rogaland vil dei no prøva å kopiera sukessoppskrifta, melder Hordaland fylkeskommune.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.