Helgeturen: Russarstegen og Fjell festning

Dei sprekaste gjer turen unna på fire minutt. Dei som tek det litt rolegare kan tilbringa ein heil søndag i området rundt Fjell festning.

Kanonbrønnen og kafeen er eit av Sotrastrilen sine mest populære turmål.
Fleire gruslagte vegen strekkjer seg frå Kanonbrønnen ut mot dei meir perifere delane av det tidlegare festningsanlegget.

Området kring Fjell festning er Sotrastrilen sitt næraste turterreng.

Motbakkeløpet Russarstegen opp har for mange blitt inngangsporten til tureldoradoet kring Kanonbrønnen og Fjell festning. Dei aller sprekaste gjer unna dei 566 metrane med ein stigning på 110 meter på fire blank.

Russarstegen

Frå Gjerdet kulturminnegard er det fleire stiar som fører opp til Fjell festning. Norsjøløypa er den som vert nytta under det årlege motbakkeløpet.

Namnet Russarstegen har stien fått til minne om dei russiske, ukrainske og serbiske krigsfangane som bygde det vanvittige festningsanlegget på toppen i løpet av nokre slitsame år frå 1942 – 1944/45.

Les: Ny bok set Fjell festning inn i historien

Fjell festning var eit av dei største forsvarsanlegga i Hitler sin Atlanterhavsvoll.  Kanonen frå slagkryssaren Gneisenau er forlegst fjerna. Verdskrigen er eit fjernt minne. Skyttergraver, tanksperrer og bunkesanlegg meir eller mindre skjulte i terrenget er i dag det einaste som vitnar om galskapen som dreiv Hitler og hans menn.

Turområde

Geiter og utegangarsau er populære hos barnefamiliane.

Den lågthengjande novembersola varmar framleis. Nattlege kuldegrader gjer at tobeinte kan ferdast tørrskodd i dei våte partia, men har samstundes skapt skumle parti med klink is i skuggefulle hellingar.

Kanonbrønnen har blitt Sotrastrilen sitt mest populære turmål. Russarstegen frå Gjerdet kulturminnegard og asfaltstripa opp frå parkeringa i Tellnesskogen er dei to mest nytta tilkomstane.

Få er det likevel som har oppdaga det fantastiske turterrenget som strekkjer seg frå Kanontårnet mot Liatårnet i søraust og Bildenuten i nordaust. Beitemarkane vert avløyste av lyng, brakje, vatn og skogkledde parti. Fleire gruslagte stiar strekkjer seg frå Kanonbrønnen ut mot dei meir perifere delane av det tidlegare festningsanlegget. Så overtek naturen. Fint trakka stiar gjennom eit småkupert terreng. Ungane kan gleda seg over å møta gjeiter og utegangarsau.

Minnestøtta over krigsfangane som bygde Fjell Festning. På det meste var det nærare 2.000 krigsfangar i området.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.