Reknar med avklaring i trafikklyssystemet før jul

Fiskeriminister Harald T. Nesvik kan ikkje lova julepresang til lokale oppdrettarar.

Klar tale frå fiskeri og sjømatminister Harald T. Nesvik når det gjeld lakselus og trafikklyssystemet.

Det sokalla trafikklyssystemet deler norskekysten inn i 13 produksjonsområde for laks, aure og regnbogeaure. Havbruksnæringa ventar no i spaning på Regjeringa sine siste vurderingar av risikoen for dødelighet på villaks i deira område som følgje av lakselus.

Les: Sotra framleis i raud sone for lakselus

Får eit område grøn farge, får havbruksnæringa i området lov å auka biomassen i merdene. Gul farge inneber at oppdrettarane vert nøydd til å frysa produksjonen. Dei som held til å raud sone vert nøydd til å redusera produksjonen, ifølgje trafikklyssystemet.

Alle tre fargane gjeld
-Vurderinga vil verta lagt fram før jul, sa fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik under eit møte i regi av Bergen Næringsråd i dag.

Sone tre og fire, frå Karmøy til Stadt, har ved dei siste målingane hatt raud farge. Altså risikerer dei å verta nøydde til å ta ned produksjonen om lakselussituasjonen ikkje betrar seg.

Korvidt oppdrettsanlegga langs Vestlandskysten vil få som julepresang at dei likevel slepp redusera biomassen i merdene, ville Nesvik ikkje seia noko om. Fiskeriministeren er oppteken av eit system som fungerer og som straffar oppdrettarar som ikkje held kontroll på lakselusa i anlegga sine.

– Alle tre fargane i trafikklyssystemet er kopla på. Alle tre fargane gjeld, understrekar Nesvik.

Forslag til reglar for korleis ein eventuell reduksjon av produksjonen skal gjennomførast er i desse dagar ute på høyring.

Vurderer andre lokalitetar
Lakselus er førebels einaste indikatoren som vert nytta i trafikklyssystemet. I framtida kan fleire indikatorar verta innført, som rømming, sjukdomar og dødelighet.

Situasjonen i området frå Karmøy til Sotra er krevjande, tenkjer fiskeriministeren. Lokalitetssituasjonen er ikkje ideell med tanke på spreiing av lakselus. Departementet har difor teke initiativ til ein diskusjon for å få klarert nye lokalitetar i området med begrensa risiko for spreiing.

-Oppdrettsselskapa skal involverast i prosessen. Det er dei som veit kvar skoen trykkjer, lovar Nesvik.

Vil ikkje garantera unntak
Eindel oppdrettarar i området satsar no på lukka anlegg, enten på land eller i sjø. Endar Vestlandskysten opp med raud farge kan Nesvik ikkje lova at produksjon i lukka anlegg vil få unntak frå produksjonsbegrensninga, sjølv om forskrifta opnar for det.

-Lukka anlegg i sjø kan også havarera, har fiskeriministeren fått erfara.

Rekordmange 300.000 oppdrettslaks har rømt frå merdane i år. 208.000 av dei  var smolt som rømte frå eit lukka anlegg som havarerte.

Og landbaserte anlegg kan ha ein risiko for spreiing av lakselus og sjukdomar, via systemet for utskifting av vatnet.

-Det finst ingen quick fix. Vi må vita kva vi gjer, men vi skal framleis ha vekst i næringa, lovar fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.