Trådlaus sporingsteknologi frå Sotra klar til å erobra verda

Utsikten til at Scandinavian Reach Technology sin trådlause sensorteknologi kan verta ein del av den varsla IoT-revolusjonen har fått investorane til å opna lommeboka.

Einkelt å montera. Arild Sæle viser fram 2. generasjon av dei trådlause nodane. Eit 100-tals slike, i kombinasjon med at samtlege av mannskapet og passasjerane ber slike sensorarmband, vil gjera det einkelt å gjennomføra ein redningsoperasjon ombord i eit fartøy.

Med Scandinavian Reach Technology AS har Arild Sæle klart å verkeleggjera alle håpefulle gründarar sin draum. Gjennom fleire eksterne emisjonar siste året har IT-verksemda på Skjenet blitt tilført fleire titals millionar i frisk eigenkapital. Største eigar no er Haugesund-investoren og barnehagegründaren Sigurd Steen Aase gjennom investeringsverksemda Bifrost og Draupne AS.

Les: Gründerselskap søkjer to millionar

-Den siste emisjonen verdset Scandinavian Reach Technology AS til 300 millionar kroner, smiler Sæle til nettavisa Tunnelsyn.no.

Har knekt koden
Pengar på konto har opna eit totalt nytt tilvære for Sæle. Gründaren har fått økonomisk spelerom til å konsentrera seg om det han kan best, nemleg å snakka med potensielle kundar for å få idear til å vidareutvikla og kommersialisera teknologien. Stadig får IT-gründaren invitasjonar til å presentera teknologien for globale verksemder og på internasjonale konferansar.

Til å fronta rolla som dagleg leiar er John Roger Nesje henta inn frå Rolls Royce.

Suksessen forklarar gründaren slik:
-Vi har klart å knekka koden for trådlaus kommunikasjon i eit stålmiljø. Fleire har forsøkt, men det er visstnok berre vi som har lukkast.

First mover
Scandinavian Reach har ikkje søkt patent på teknologien, av di han fortfarande er under utvikling. I staden satsar dei på å kunna hausta fordelane til ein «first mover», noko som mellom anna inneber at dei kan ta høgare pris inntil konkurrerande teknologiar vert lansert.

Den maritime næringa vil i åra framover sjå ei rekkje nye produkt marknadsført under merkjenamnet ScanReach, lovar Sæle.

Siste året har dei starta vidareutvikling av trådlausteknologien til også å omfatta kommunikasjon av informasjon frå sensorar som overvakar kritiske driftsprosessar om bord, som oljetrykk i ein motor. (Jfr. Viking Sky – red. mrk).

Teknisk utstyr som er kopla på internett (IoT) vil og kunna fjernstyrast. IoT er, etter mange si meining, det som vil revolusjonera verda slik vi kjenner henne, gjennom tilrettelegging for maskinlæring og kunstig intelligens.

Tryggleik
Gründereventyret starta med at Sæle fekk ideen til ei trådlaus løysing for sporing av mannskap og passasjerar om bord på skip i ein krisesituasjon. Ved ei eventuell ulukke vil det vera einkelt å få oversikt over kvar kvar einskild person oppheld seg, slik at påkravde redningstiltak kan setjast i verk raskt og målretta.

Mykje av forklaringa på den internasjonale merksemda, er at løysinga er einkel og rimeleg å installera. Typisk vil det vera behov for utplassering av eit 100-tals trådlause nodar kringom på fartøyet. Trådlaus kommunikasjon mellom nodane via eit Mash-nettverk ved hjelp av WiFi og Bluetooth inneber at det ikkje er naudsynt med kabling.

Mannskap og passasjerar vert utstyrte med armband med ein trådlaus sendar straks dei kjem ombord. Ved ulukker vil sendaren verta aktivisert og kommunisera posisjonen til vedkomande over det trådlause nettverket slik at hjelpemannskapa veit kvar dei skal leita.

Pilotinstallasjon
Scandinavian Reach forhandlar no med rederi verda over om installasjon av den trådlause sporingsteknologien om bord på deira skip. Eit 15-tals fartøy skal delta i eit 6 månadars gratis pilotforsøk, mot at mannskapet om bord delar erfaringane sine med utviklarane, seier Sæle.

Reiarar som er nøgde kan etter prøveperioden velja å teikna abonnement på tenesta. Noko som typisk vil kosta kring 70.000 til 100.000 kroner årleg. Skulle dei mot formodning takka nei, er det fort gjort å demontera dei trådlause nodane.

I Scandinavian Reach Technology er forventningane skyhøge.
-Håpet er at dette skal verta skipsfarten sitt svar på airbagen, smiler Sæle.

Trygg på at den trådlause sporingsteknologien vil fungera, har han alt kontakta forsikringverksemder om utsiktene til at ein installasjon vil redusera forsikringspremien for skipet.

Etterlyser kvinner
Scandinavian Reach Technologies AS har no 19 tilsette, og søkjer etter fleire. Å finna IT-nerdar, og setja saman eit team med rette kombinasjonen av programmerer-, elektronikk og automasjonskompetanse har vist seg å vera utfordrande, seier Sæle som særleg etterlyser kvinner.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.