Ei skattekiste for dei pynteglade

Evna til kreativ fornying sikrar at publikum kjem tilbake til Sotra Husflidslag si julemesse år etter år.

Lekre pulsvantar i mange fargar og mønstre frå Eli Tornquist.

At Sotrastrilen har kasta seg på strikkebølgja var tydeleg under Sotra Husflidslag si årlege julemesse. Familie og venar bør ikkje verta overraska om dei finn lekre pulsvantar, luftige mohair-skjerf, slitesterke labbar eller endatil eit heilt sengeteppe under juletreet i år.

Eksklusivt handvevd ullstoff i Sotra-fargar. Kanskje du treng nytt liv til bunaden? freistar leiar Gunvor Bråthun Moe (th) og Ingunn Vardøy i Sotra Husflidslag.

Mønsteret og garnpakkane til Øygardsgensaren har forsvunne som dogg for sola. Om husflidslaget har nådd målet om å kle ti prosent av innbyggjarane i den nye kommunen nøler leiar Gunvor Bråthun Moe og studieleiar Ingunn Vardøy likevel med å konstatera.

Les: Vi har ein vinnar

Ørepynt. Mona Nordbø hadde kledd ørsmå julekuler med handlaga, kvite nupereller.

Dei kreative påfunna var mange. Kva tenkjer du om ei hekla julestjerne med led-lys? Kanskje spradar du rundt på julafta med ørsmå julekuler kledd med handlaga nupereller som ørepynt? Filtenglar dala ned i skjul og sjølvsagt var det lys i kyrkja.

Led-lys og hekla julestjerner er ein lysande kombinasjon.

Eindel år tilbake fekk husflidslaget designa eit tynt og lekkert ullstoff rekonstruert på grunnlag av gamle bunadar, med fargar henta frå Sotra-naturen. No har dei fått vevd opp  av ny forsyning det eksklusive materialet, handvevd av Marta Kløve Juuhl på Osterøy. Her gjeld det å vera om seg.

Ikkje alle englar er kvite. Nokre av Inger Nelly Skoge sine filtenglar er blå…

 

Lys er det sjølvsagt i dei utskorne trekyrkjene og.

Julemessa til Sotra husflidslag er ei skattekiste for alle pynte- og interiørglade.

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.