Fylkesrådmannen vender tommelen ned til arealplanen for Sund

-Sund kommune er fråtekne myndet til å styra over eige areal, svarar planutvalsleiar Svein Otto Jacobsen (FrP).

Å ha unnlate å prioritera mellom dei fem nærsenterområde Stranda/Forland, Klokkarvik, Spildepollen Telavåg, Glesvær er ein av dei tinga Sund kommune og planutvalsleiar Svein Otto Jacobsen får kritikk for hos fylkesrådmannen. Arkivbilete.

Den vanlegvis så sindige planutvalsleiaren Svein Otto Jacobsen i Sund vekslar mellom hovudristing og sinne. Dette hadde han ikkje venta.

I ei sak til utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland fylkeskommune komande veke tilrår administrasjonen motsegn mot framlegget til arealplan for Sund. Ein plan kommunen hadde håpa å dra i land medan Sund framleis er eigen kommune. No spøkjer det for den planen.

Les: –Husk å sjekka kommuneplanen

Fråteken mynde
I ei omfattande innstilling i heile 14 punkt vert framlegget til arealplan som planutvalet har brukt fleire år på å utarbeida, gjennomgått og nærast fillerista.

-Dette er nærast jamngodt med slakt, sukkar planutvalsleiaren. Han oppfattar kritikken som om Sund er fråteken mynde til å styra over eige areal, og at innvendingane frå fylkerådmannen er på grensa til maktmisbruk.

Mellom dei tinga Sund får kritikk for er:
-Kartmaterialet er for dårleg
-Kommunen har ikkje prioritert mellom dei fem nærsenterområda Stranda/Forland, Klokkarvik, Spildepollen Telavåg, Glesvær, forutan lokalsenteret Skogsskiftet. Bustadutviklinga bør avgrensast der det manglar trafikksikker tilkomst og tilfredstillande kollektivtilbod til daglege gjeremål.
-Kommunen har ikkje utarbeida nokon oversikt over bustadreservar
-Det er sett av areal til altfor mange båthamnar
-Planen er i konflikt med nasjonale og regionale kulturminneverdiar

Tek ut næringsområde
Sund kommune har fleire gongar diskutert framlegget til arealplan på regionalt Planforum. Kommunen har ikkje ønska nokon konflikt med fylkeskommunen om arealbruken. Tilbakemeldingane frå regionalt nivå har difor mellom anna ført til at industriområdet på Lundaneset vart teke ut av planen, seier Jacobsen.

Noko av kritikken var planutvalsleiaren førebudd på. Til dømes at fylkeskommunen ville vera kritisk til utviding av næringsområdet på Golta.

Les: -Golta ein ideell stad

Her sprikjer signala frå regionalt hald, tenkjer Jacobsen. Fylkeskommunen vil gjerne ha byvekstavtalar som kan redusera personbiltrafikken. Då framstår det som lite logisk at dei samstundes vil ta ut fleire næringsområde som kunne ha gjeve lokale arbeidsplassar og redusert trafikken inn mot sentrum.

At fylkeskommunen vil leggja ned motsegn mot planen på grunnlag av at verneplanen for kulturminne ikkje er trekt inn i arealplanen, hadde planutvalsleiaren uansett ikkje sett for seg.

Tilkomst for allmenta
Ein av dei tinga Sund får skryt for, er kartlegginga kommunen har gjort av den funksjonelle strandsona, med analyser av biologisk mangfald, kulturmiljø, bygningar og tilgjenge for allmenta.

Då vert det underleg at kommunen samstundes får kritikk for å leggja til rette for allmenta gjennom å tillata fleire båthamnar, tenkjer Jacobsen.

Kart
Kritikken mot kartmaterialet kjem derimot ikkje uventa. Kvaliteten på kartmaterialet har Sund kommune fleire gongar teke opp med leverandøren Multiconsult. Dette var og årsaka til at kommunen i august trekte planen frå offentleg ettersyn.

Les: Sund trekkjer arealdelen til kommuneplan frå offentleg ettersyn

No kan kartleverandøren venta seg trekk i honoraret, varslar Jacobsen.

Jacobsen vil vera tilstade på møtet i fylkeskommunen på onsdag. På fredag er det planlagt eit møte med fylkesmannen. Avhengig av kva som kjem fram på desse møta med dei overordna planmyndene, vil leiinga i Sund vurdera om det framleis er mogeleg å fremma arealplanen for kommunestyret i desember, slik utvalet har lagt opp til.

-Nokon av dei tinga fylkeskommunen har påpeika vil det berre ta dagar å retta opp, seier Jacobsen håpefullt.

Viser det seg at oppgåva for omfattande, kan arealplanen for Sund i staden enda opp som ein kommunedelplan i Nye Øygarden.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.