Jublar over nettverkssuksess

Den utflytta fjellsokningen Finn Ørjan Sæle har gjort suksess på Stockholmsbørsen med nettverksverksemda Zinzino.

Grunn til å jubla. Finn Ørjan Sæle og Zinzino. Illustrasjon: YouTube.

Finn Ørjan Sæle er ein av veteranane innan nettverksmarknadsføring i Norden. I 2005 etablerte han og kona Hilde Sæle Zinzino for å selja kaffemaskiner og kaffe. Verksemda er seinare etablert på Stockholmsbørsen.

Kursen på Zinzino har gått rett til himmels dette året, med ein auke på 203 prosent. Verksemda vert no verdsett til 764 millionar NOK, ifølgje Dagens Næringsliv.

Sæle og familien eig framleis 9,5 millionar aksjar i verksemda. Familien kan no gleda seg over ein verdiauke på 148 millionar kroner dette året. Verdiauken kjem på toppen av ein salsprovisjon til Sæle sitt investeringsselskap Sæle Invest AS på 20,8 millionar frå nettverkssal av helseprodukt, espressomaskiner, te og kaffe i 34 land.

Noko av gevinsten er reinvestert i ein av dei dyraste bustadane i Oslo-området. Familien kjøpte i fjor ein luksusvilla på Snarøya i Bærum for 86 millionar, ifølgje DN.no.

Han har tidlegare gjort karriere innan nettverkssal gjennom mellom anna Herbalife, Nature`s Own og Think7, ifølgje Wikipedia.

Finn Ørjan Sæle er son av Norge IDAG-redaktør Finn Jarle Sæle og tidlegare stortingsrepresentant Anita Apelthun Sæle og vaks opp på Søre Bildøy.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.