Tvilar på at norske entrepenørar vil leggja inn tilbod på Sotrasambandet

Konkurransereglane hindrar norske entrepenørar frå å samarbeida om å leggja inn eit felles tilbod på å byggja det nye Sotrasambandet.

Marianne Sandahl Bjorøy får støtte frå sine tre partikolleger i Transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget når det gjeld Sotrasambandet, fv. Øystein Langholm Hansen, Kjersti Leirtrø og Sverre Myrli.

Øygarden Arbeiderparti hadde henta tre av partiet sine fire representantar i Transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget til kveldens møte i lokallaget.

Greit å sjå utfordringane i tilknyting til Sotrasambandet med eigne auge, etter å ha lese om dei i Stortingsdokumenta, var Sverre Myrli (Akershus), Kjersti Leirtrø (Trøndelag) og Øystein Langholm Hansen (Rogaland) samde om.

Arbeiderpartiet nasjonalt heiar på Sotrasambandet, trass i at partiet heile tida har vore skeptisk til bruken av OPS-kontrakt. Partiet kjem uansett ikkje til å føreta seg noko for å stikka kjeppar i hjula, sjølv om det vert regjeringsskifte i 2021, forsikrar Leirtrø.

For stor
Med ein antyda kontraktssum på 10 milliardar kroner er OPS-kontrakten på Sotrasambandet truleg for stor, sjølv for dei aller største norske entrepenørverksemdene. Dei har ikkje finansiering, mannskap og ressursar til å handtera ei slik stor og kompleks oppgåve med så knapp tidsfrist, parallelt med andre prosjekt dei måtte vera engasjert i, sa Sverre Myrli.

Avgjerda om at Sotrsambandet skulle lysast ut som eit OPS-samband var ei politisk avgjerd.

-Sjølv Solvik-Olsen har no innsett at det finst prosjekt som er for store for OPS-finansiering, hevda Leirtrø.

Tre tilbod
Statens vegvesen håpar på å få inn minst tre tilbod når dei lyser ut kontrakten like før jul. Krav til eigenkapital hos tilbydarane er eit av dei konkurransekrava Vegvesenet førebels held tett til brystet.

-Eg vert overraska om eit norsk selskap står på lista når Statens vegvesen opnar dei innkomne tilboda, la Myrli til.

Anbodsreglane er strenge. Det er uråd å utforma konkurransen slik at utanlandske entrepenørar ikkje kan vinna. Det er heller ikkje lov å utforma anboda slik at norske entrepenørar kan delta i konkurransen.

Konkurransereglane
-Konkurransereglane hindrar norske entrepenørar å samarbeida om å leggja inn eit felles tilbod, hevda Leirtrø og vist til uttaler frå Byggenæringen.

For å sikra konkurranse i tilbodsrundane, og støtta opp under norske arbeidsplassar, hadde Arbeiderpartiet helst sett at bygginga av Sotrasambandet vart lyst ut som tre konvensjonelle kontraktar, med bompengefinansiering og 15 års nedbetaling.

-Ei ulukke for landet
Det er for seint å dela anbodet opp no. Einast måtte vera om det kjem inn færre enn tre tilbod, eller om prisen viser seg å verta vesentleg dyrare enn anbodsramma på 10 milliardar. I så fall må det vera råd å gje Statens vegvesen mandat til å sjå på konkurransegrunnlaget ein gong til, antyda Leirtrø.

-OPS er ei ulukke for dette landet. Det var tre norske entrepenørar som bygde Sotrabrua, i fellesskap, opplyste Arbeiderparti-nestoren Svein Lie frå salen og  hausta samstemt nikking frå dei tre Stortingsrepresentantane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.