Kulturminne stoppa arealplanen for Sund

Sund vil ikkje gå inn i Nye Øygarden med ein oppdatert arealplan.

Planutvalsleiar Svein Otto Jacobsen (th), rådgjevar Ole-Karsten Midgård og Elizabeth Toft Erichsen møtte på fylkesbygget utan forvetningar.

Planutvalsleiar Svein Otto Jacobsen (FrP) i Sund innsåg på førehand at slaget var tapt. Det var difor ein resignert planutvalsleiar som saman med rådgjevar Ole-Karsten Midtgård, gav politikarane i utval for kultur, idrett og regional utvikling ei kort orientering om hovudtrekka i framlegget til arealplan i kommunen som snart er historie.

-Vi har fått motsegn mot arealplanen og eg reknar ikkje med at de vil snu. Eg ser vi ikkje kjem i mål, oppsummerte Jacobsen.

Les: Fylkesrådmannen vender tommelen ned til arealplanen for Sund

Utvalet var ikkje innstilt på å diskutera detaljane i planframlegget. Jacobsen sine partikolleger Anita Garlid Johannessen og Gunnar Bakke ønska likevel å få vita litt om prosessen, sidan motsegna openbart slo ned som lyn frå klår himmel i Sund.

-Har det ikkje vore nokon dialog med kommunen i forkant om dei kulturelle spørsmåla, ville Garlid Johannessen vita.

– Det er mykje gode tilrådingar her som burde ha vore løyst tidlegare, innvende Bakke som helst såg at motsegna vart sletta.

Ved å vedta fylkesrådmannen si innstilling uendra, inkludert motsegna som vart grunngjeven med omsynet til kulturminne, vil fylkespolitikarane framleis ha kontroll over den vidare prosessen. Vert motsegna sletta, vil planen automatisk verta oversendt til Riksantikvaren, og då er det heile utanfor vår kontroll, forklarte utvalsleiar Tor Andre Ljosland (KrF).

Det var eit samrøystes utval for kultur, idrett og regional utvikling som sa nei til å godkjenna arealplanen for Sund.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.