No får han ny tittel

Rådmann eller kommunedirektør?

Rune Lid sprang frå alle i kapplaupet om å verta øverste administrative leiar i Nye Øygarden. Frå nyttår får han tittelen kommunedirektør. Arkivbilete.

Tittelen på den øverste administrative leiaren i Nye Øygarden vart eit tema då kommunestyret i dag drøfta delegasjonsreglement for den nye kommunen.

Rådmann er ein kjend tittel – for dei som er vant til organiseringa i kommunal sektor. Det er likevel ikkje alle politikarane som ønskjer at den noverande prosjektrådmannen Rune Lid skal få denne tittelen når den nye kommunen vert eit faktum.

Regjeringa ser helst at dagens rådmenn heretter byter tittel til kommunedirektør, men opnar likevel for å stilla kommunane fritt.

Kjønnsnøytral
Ruben Håvik (Ap) ville helst ha ein kjønnsnøytral tittel. Ein «rådmann» er ein mannsperson. «Kommunedirektør» passa i så måte betre i vår tid, hevda han.

-Kommunedirektør gjev misvisande assossiasjonar til næringslivet. Kommunen er ikkje ei verksemd, innvende Maria Thomassen (MDG). Ho såg poenget i at tittelen burde vera kjønnsnøytral, og foreslo difor at Lid burde får tittelen «kommunedrivar» i staden for «kommunedirektør».

Forsvara rådmann
-Det er dei to alternativa departmentet har gitt oss å velja mellom, freista ordførar Tom Georg Indrevik å avgrensa diskusjonen.

Lova gjev oss den nye tittelen «kommunedirektør». Samstundes står det i saka at det ikkje er ulovleg å nytta «rådmann». Eg synes det er ein utruleg flott tittel, sa Nina Glesnes (SL), og fekk tilslutnad frå Børge Haugetun (V).

Harmonisera mot næringslivet
– Kommunedirektør er meir i tida. Ein tittel som forklarar mykje meir enn rådmann. Direktør er same tittelen som vert nytta i næringslivet. Langt frå alle veit kva ein rådmann er. Her er det rett å harmonisera tittelen mot det private. Sjølv stemmer eg for kommunedirektør, men stiller resten av gruppa fritt, sa Svein Otto Jacobsen (FrP).

Avstemminga viste 26 røyster og fleirtal for «kommunedirektør». Frå nyttår får prosjektrådmann Rune Lid ny tittel, vedtok kommunestyret i Nye Øygarden.

Hovudpersonen sjølv sa ingenting.

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.