-Kva no, Hellesøy?

Hele Hellesøy, «halve» Øygarden og kommunal og moderniseringsminister Monica Mæland – alle ville dei gjerne få med seg opninga av den restaurerte Hengjo.

Det maritime preget er teke vare på. Som fiskar var Johannes Hellesøy (85) med på å nytta Hengjo til å tørka silde- og størjenøter, inntil nylon overtok for bomull som materiale eingong kring 1970.

Hellesøy – så langt nord i Øygarden du kan koma, utan å måtta i båt. Ei flaggpynta bygd kunne i dag markera fullføringa av heile tre offisielle prosjekt: Eit generøst pengedryss på til saman 36 millionar kroner, frå Øygarden kommune, Hordaland fylkeskommune, sponsorar og ikkje minst, tusenvis av dugnadstimar frå lokale frivillige har gjort det mogeleg å restaurera nothengja frå tidleg 1950-talet, opparbeida nytt veg- og parkeringsanlegg i tilknyting til hamna, og eit miljøanlegg med leike- og trimapparat.

Hengjo slik ho i dag framstår sett frå søraust. Under den offisielle opninga var det mange som gjerne ville sjå forvandlinga på nært hald.

Ikkje til å kjenna att
Nothengjer var eit vanleg syn på vindblåste nes langs Vestlandskysten i første halvdel av førre hundreåret. Då nylon erstatta bomull som materiale i fiskegarn, var det ikkje lenger så viktig å tørka nota for å hindre rote.

Lenge stod nothengjo på Hellesøy til nedfalls. Ein politiske hovudverk i Øygarden kommune. Mange var dei som helst hadde sett at «rukkelet» vart rive. Dei fleste andre er rivne. Hengjo er verna.

Les: Steller til fest på Hengjo

Terje Nilsen i Hengjos Venar og Monica Mæland markerer nyopning med ein klem. Ordførar Børge Haugetun i Øygarden applauderer.

Heile Hellesøy og «halve» Øygarden tropp i dag opp saman med kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland for å beundra resultatet av restaureringa.

Den slitne nothengjo i sjøkanten er mest ikkje til å kjenna att.

Hengjo framstår i dag som eit moderne signalbygg, ein reiselivsattraksjon, kulturhus og sosial samlingsstad for innbyggjarane i nordre delen Nye Øygarden.

Fiskaren Henning Sandøy bøtte garn på gamlemåten. Han var den første du traff når du kom opp trappa til kultursalen.

Korleis det var
Før restaureringa var Hengjo berre eit bygningsskal på 170 kvadratmeter grunnflate. Det meste er nytt. Inngangspartiet, innvendig etasjeskille, kjøken, trapp og toalett. No kan dei samla 180 personar i kultursalen i andre etasje, utan at brannvesenet protesterer.

Restaureringa er gjort i samråd med lokale krefter som kunne fortelja korleis bygget eingong var, og med Museum Vest, understrekar prosjektleiar Terje Nilsen.

Kjøken og «bar» i første etasjen er det første du møter når du kjem inn. Opningsdagen hadde dei frivillige i Hengjos Venar det travelt med å servera heimelaga fiskekakeburger, kvit dame og kaffi.

Bak forvandlinga står først og framst Nærmiljøutvalet i Bakken krins, men og Hengjos Venar, med Terje Nilsen i spissen. Uten deira engasjement og omfattande dugnadsinnsats er det tvilsamt om bygget hadde blitt teke vare på for ettertida.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland har gode minner frå somrane på landet på Hellesøy, og har følgt med på prosjektet. No er ho opptekn av at initiativtakarane skal finna på nye ting som kan trekka fleire innbyggjarar, arbeidsplassar og som kan bidra til å styrka kollektivtilbodet til staden.

Distrikt
Monica Mæland slektar frå Hjelme, og fekk eit nært forhald til Hellesøy under somrane på landet i barndomen. Som kommunal- og moderniseringaminister ser ho staden i eit litt anna lys.

Det er ikkje til å koma unna at Hellesøy med 65 kilometer tildels kronglete køyreveg til Bergen er for «distrikt» å rekna, sjølv om Nye Øygarden er nabokommune til metropolen. I denne delen av den nye kommunen minkar folketalet.

Ein god stad å bu
-No har de fått infrastruktur og kulturhus. Kva no? Korleis vil de finna på nye ting? Ting som kan trekkja fleire innbyggjarar og arbeidsplassar og som kan bidra til å styrka kollektivtilbodet, utfordra ministeren i helsingstalen sin.

-Staden er unik. Eg skal diskutera med sjefen min kva arrangment vi kan leggja hit, smiler ministeren til nettavisa Tunnelsyn.no, men bak smilet ligg alvoret.

På Hellesøy ligg det tilrette for at tilflyttarane skal få det godt, tenkjer Mæland. Rimelege bustadprisar, ein trygg stad og bu og eit oversikteleg nabolag der folk hjelper kvarandre og jobbar saman, er positive verdiar dei ikkje vil finna i Bergen.

Sjølv om byvekstavtaler står høgt på Mæland sin dagsorden om dagen, er det viktig ikkje berre å tenkja by:

Hellesøy vil vera del av ein felles arbeidsmarknad med Bergen. Privatbilen vil det ikkje vera råd å koma utanom på stadar som Hellesøy, men alle treng ikkje ta bilen heilt til Bergen sentrum, understrekar ho.

 

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.