Vil rydda opp i tomtefestesaka i Klokkarvik

Sund kommune bør vurdera å kjøpa ut heile det attståande festearealet i Klokkarvik. Spørsmålet er berre om dei rekk det. For Roald Broch vil det uansett ikkje innebera nokon betalingsreduksjon.

Kontrollutvalet i Sund. Ivar Steinsland og Kari Østervold Toft i midten. Rådmann Rune Lid (th) og ordførar Kari-Anne Landro var begge tilstade på møtet.

Tilhøva kring fastsetjinga av festeavgifta i tilknyting til festetomtane i Klokkarvik er så spesielle at Sund kommune bør freista å rydda opp, ikkje utsetja saka til Nye Øygarden, er medlemmane i Kontrollutvalet i Sund samde om.

Jussen i tilknyting til festetomtar og festeavgift var tema dei mangla kompetanse på, måtte fleirtalet av medlemmane i Kontrollutvalet i Sund medgje då dei i dag fekk henvendinga frå Roald Broch på bordet.

Les: Forskjellsbehandling frå Sund kommune knekte Roald sin privatøkonomi

Kontrollutvalet unnlot å gå inn på Broch sine påstandar. Dei ønskte likevel å forsøkja å skjera gjennom, og vedtok å oppfordra Sund kommune om å freista å få til ei minneleg ordning, ikkje utsetja saka.

Mangedobla festeavgift
Roald Broch fekk i 2016 mangedobla festeavgifta på tomten han framfestar frå Opplysningsvesenets Fond (OVF) gjennom Sund kommune frå 1.140 til 17.790 kroner året.

Avgiftsauken var ulovleg, hevdar Broch i brevet til Kontrollutvalet. Kommunen hadde ein frist frå 2010 til 2012 for å regulera festeavgifta, i hendhald til avtalen med OVF. Festeavgifta skulle ha vore indeksregulert. Auken av festeavgifta skulle ha vore behandla politisk. Ikkje minst skulle alle dei attverande festarane ha vore behandla likt. Medan han no skal betala 17.790 kroner, slepp andre unna med mindre enn ein 1.000-lapp.

Prinsipp
-Denne saka er langt større enn det Roald Broch har teke opp. Her er det fleire spørsmål av prinsippiell karakter som må avklarast, innleia Ivar Steinsland (A) som har leia Kontrollutvalet i Sund sidan 2005.

Leiaren for Kontrollutvalet reagerer særleg på den store skilnaden i storleiken på festeavgifta som Sund kommune krev dei einskilde huseigarane i Klokkarvik for.

Usikkert utfall

Saksbehandlar Knut Eivind Nygård i Sund har regulert opp festeavgifta ut frå det tidspunktet dei einskilde husbyggjarane festa sine tomtar, ikkje då kommunen inngjekk avtalen med OVF.


Fleirtalet av dei opprinnelege 60 – 70 framfestarane i Klokkarvik har forlengt innløyst tomtane sine til ein gunstig pris. Berre 12 bustadar står i dag på festa tomt. Av dei er det seks som ikkje har fått oppregulert festeavgifta, ifølgje saksbehandlar Knut Eivind Nygård i Sund kommune.

Kari Østervold Toft (V) spurte om det ikkje er råd å nytta ein felles dato for regulering av festeavgifta til samtlege framfestarar.

-Det kan seiast at 1970 er festetidspunkt. Det vart ikkje gjort. Då eg overtok som sakshandsamar i 2014, låg det ingen føringar for noko som helst. Eg måtte vurdera, kva gjer vi no? Kommunen betalar inn til OVF. Eg meinar vi kan regulera festeavgifta ut frå det tidspunktet då framfestarane inngjekk avtale, freista Nygård å forklara.

Tomtefeste og festeavgift har vore eitt heitt tema nasjonalt i mange år. I henhald til den juridiske utgreiinga Sund kommune har fått kommuneadvokat Rasmussen & Broch til å utføra, finst det likevel ingen dommar som gjev presendens for akkurat slike tilfelle som det i Klokkarvik.

-Ei eventuell rettsak kan tippa begge vegar, medgjev Nygård.

Uavklart
Det er mange uavklarte spørsmål i saka, slik kontrollutvalet oppfattar det.

-Det har vore både forvaltningsrevisjonar og rettsaker om dette. Einskilde påstår at OVF skulle ha brukt indeksregulering. I staden har dei nytta ei verdivurdering. Har dei lov til det, spurte Steinsland.

– Det vert feil om ein mellomstor norsk kommune skal måtta løfta ei slik sak i retten. Vi må sjå om ikkje KS (Kommunenes Sentralforbund, red. mrk.) kan sjå på det, svara Lid.

Sund får største rekninga
Ei heilt anna sak er det at Sund kommune sjølv må ta brorparten av den årlege rekninga på festeavgift frå OVF, kom det fram i møtet. Ein del vegar, og tomta til den gamle brannstasjonen i Klokkarvik, er det Sund kommune som skal betala festeavgift for.

-Vi får rekning på kring 170.000 kroner i året, og vi får inn att kring 90.000 kroner frå dei 12 huseigarane som framleis framfestar, sa Nygård.

-Sjølv om alle festarane hadde løyst inn sine tomtar, vil Sund kommune framleis få same rekninga som i dag, hevda saksbehandlaren.

Kjøpa ut?
-Det må vera rimelegare for Sund kommune å ta opp lån og betala ut heile festet. I dag betalar vi ei rente på 7,5 prosent. Eit kommunalt lån kan vi oppta til langt rimelegare vilkår, innvende Steinsland.

Kan hende kan Sund omprioritera innanfor dei eksisterande lånerammene for 2019. Det kjem litt an på kor stort lånet vert, tenke rådmann Rune Lid høgt. Han overvar møtet saman med ordførar Kari- Anne Landro.

– Om vi ikkje gjer det, vert vi sitjande med eit dyrt lån, innvende Østervold Toft.

Oppjustera dei øvrige?
Mange spørsmål heng framleis i lufta etter dagens møte. Vedtaket i Kontrollutvalet overlet til administrasjonen kva ei minneleg ordning skal innebera.

Om kommunen vel å kjøpa ut heile festet, kan dei resterande tomtefestarane i det minste håpa på at kommunen lar dei få del i gevinsten.

Unnlet kommunen å handla, vil dei resterande seks tomtefestarane i løpet av dei komande to åra få melding om at deira festeavgift også vert oppjustert til same nivå som Broch, seier Steinsland til nettavisa Tunnelsyn.no.

– Roald Broch kan ikkje forventa å få redusert betaling, hevdar Steinsland. Kontrollutvalet behandlar prinsippielle saker. Hans klage vert ei einskildsak, og dei er det Fylkesmannen i Hordaland som er rette instansen til å behandla.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.