Legg opp til konfrontasjon med Statens vegvesen

Motsegn frå Statens vegvesen bør ikkje hindra Fjell kommune frå å godkjenna framlegget til områderegulering for Branndalsåsen på Bildøy, tilrår rådmann Steinar Nesse i Fjell.

Det er ikkje omsynet til trafikktryggleiken for gåande og syklande over Gamle Straumsbru som har fått Statens vegvesen til å nedleggja motsegn mot utbygginga på Branndalsåsen i bakgrunnen. Utbetring av brua frå 1927 bør opp som eiga sak, meinar rådmannen i Fjell. Arkivbilete.

Planforslaget for områderegulering for Branndalsåsen på Bildøy som skal opp til sluttbehandling i KPU neste veke er endra på fleire punkt, samanlikna med det første planframlegget frå Altus Eigedom AS og utbyggjar Ernst Morten Einarsen.

Færre bustadar?
Talet på nye bustadar i Branndalsåsen kan verta redusert, samanlikna med planframlegget politikarane vende tommelen opp for våren 2018.

I det første planforslaget vart det lagt opp til 700 nye bustadar i blokker i det 114 mål store planområdet på sørsida av R 555.

Les: Ventar ikkje på Sotrasambandet

Når KPU i Fjell får områdereguleringsplanen til sluttbehandling neste veke, vert det føreslege å byggja minimum 255 bustadar, i blokker og rekkehus, fordelt på åtte felt.

Dei tre einebustadane som i dag står i området, skal framleis få lov å stå.

I tillegg vert det lagt opp til eit ukjent tal bustadar i eit fortetta sentrumsområde med blanding av bustad og næring. Noko øvre tal på bustadar vert ikkje nemnt i planen.

Motsegn
Motsegna frå Statens vegvesen legg ein brems på utbyggingstakten. Politikarane i Fjell godkjende i utgangspunktet at 200 av bustadane skal kunna takast i bruk før det nye Sotrasambandet er ferdig.

Bilar frå 200 nye bustadar ut på det alt belasta vegnettet vil forverra køsituasjonen ytterlegare. Ein kan og risikera at utbygginga kjem i konflikt med opparbeidinga av det nye krysset på Bildøy, innvender Statens vegvesen.

I håp om å løysa situasjonen foreslår rådmannen i Fjell å redusera første byggetrinn frå 200 til 80 bustadar.

Om KPU tilrår at planen vert godkjent slik han ligg føre, vil kommunen be fylkesmannen om ei formell mekling før kommunestyret gjer endeleg vedtak. I meklinga vil rådmannen sitt forslag til endringar verta tekne opp. Fører meklinga ikkje fram, og kommunestyret godkjenner planen i strid med motsegna, vil saka verta sendt vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.

Rekkefølgjekrav
Planen har omfattande rekkefølgjekrav utanfor planområdet. Desse kan tiltakshavar ikkje bera aleine. Ei gjennomføring av planen vil truleg krevja ei utbyggingsavtale der det offentlege må forventa å bidra med midlar, skriv rådmannen i tilrådinga.

Då tenkjer rådmannen i Fjell mellom anna på trafikksikringa langs Bildøyvegen, og eit utbetring av Gamle Straumsbru.

Den smale brua frå 1927 er skuleveg for ungar som bur på Straume og som går på Fjell ungdomsskule, og er berre godkjend for biltrafikk nokre få år framover.

Les: Uviss framtid for Gamle Straumsbru

Ei utbygging av Branndalsåsen med utkøyring mot Bjørkestølen, slik det vert føreslege, vil innebera at Bildøyvegen vert snarveg til Sartor Storsenter. Noko som vil auka trafikken på den trafikkfarlege strekkja vesentleg samanlikna med dagens ÅDT på 1300 – 1400 ÅDT.

Kommunestyret bør få ei eiga sak der politikarane kan ta stilling til kva korleis trafikksikringa på Bildøyvegen kan gjennomførast, tilrår Nesse.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.