Det vert i «familien»

Det vert i «familien» når Sartor Holding AS no byggjer barnehage på Straume.

Kort gangavstand til Sartor Senter, Kystbygarasjen og Straume Terminal. Slik tenkjer Arkitekt Rolv Eide seg at den nye Akasia Sartorlunden vil verta lokalisert på Straume.

I byrjinga av november vart gravemaskinene sett i arbeid på tomten med adresse Lonavegen like sør for Sartorlunden. Her skal det koma barnehage med plass til 72 – 80 ungar, fordelt på fire avdelingar, fortel Astrid Aag som er økonomisjef i Sartor Holding AS.

Prosjektet byggjer opp under Sartor Holding AS, Sartor Storsenter og Einarsen-familien sine aktivitetar i Straume sentrum.

Les: Vill optimisme driv utviklinga på Straume

Prioritet
Tilsette ved Sartor Storsenter vil ha prioritet på plassane i barnehagen.

-Vi ønskjer å leggja tilrette for ein enklast mogeleg kvardag for våre tilsette, og har difor teke fortrinnsrett inn i vedtektene, ifølgje Aag.

Økonomisjefen veit ikkje kor mange tilsette som kjem til å nytta seg av tilbodet, men trur at barnehagen og vil vera viktig for familiar som bur i nærmiljøet.

Lillebror

Barnehagen vil ha plass til 72 – 80 ungar fordelt på fire avdelingar. Avdelingane vil kunna tilpassast til alderssamansetjinga til ungane.

Etter at Veidekke ASA i mange år har hatt einerett på samtlege byggeprosjekt i regi av Sartor Holding, er det Eide Mesterbygg AS, der Ove Norvald Einarsen er dagleg leiar og eineaksjonær, som er hyra inn til å stå for bygginga av den nye barnehagen.

Akasia
Til å driva barnehagen har Sartor Holding inngått avtale med Akasia AS. Organisasjonen som vert eigd av kyrkjene i Bergen, er store på barnehagar på innsida av Sotrabrua. Akasia Sartorlunden vert første prosjektet deira i kommunane vestom brua. Verksemda byggjer på Den norske kyrkja sitt verdigrunnlag.

Økonomisjefen i Sartor Holding ønskjer ikkje seia noko om byggjekostnadane for den nye barnehagen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.