Adventsroser

Nærast kvart einaste år opplever hageeigaren rosebuskar som har kome i utakt med kalendaren.

Astrid Lindgren står og lyser mot «melisdrysset» i hagen.

Slik er det også i år. 2019 er eit år der vi vestlendingar har vore spart for dei vanlege hauststormane. Om Sotrabrua har vore stengt, har vi ikkje kunna skulda på vêrgudane.

November har vore prega at vindstille, kuldegrader og rekordlite nedbør, skal vi tru meteorologane, og det bør vi jo, for om dei frå tid til annan bommar på framtidsutsiktene, så kan dei dette med målingar.

Hageeigaren følgte ekspertråda i sommar – ingen gjødsling etter Jonsok.

Siste vekene har hageeigaren likevel observert at fleire av rosebuskane i hagen har trassa kuldegradene og drive fram blomar. Nærast i strid med sunn fornuft, har dei til tider glasserte knoppane vakse seg større. Første søndag i advent lyser dei mot «melisdrysset» på bakken.

Dei to som utmerkjer seg i så måte dette året er Astrid Lindgren og Cinderella. Begge tok det roleg med bløminga denne sommaren. Fleire andre står med små knoppar.

Glassert Cindarella. Det verkar nesten som om frosten driv knoppane fram mot bløming.

Av erfaring veit eg at roser som blømer seint er ekstra utsett for frost. Hageeigaren fryktar at adventsrosene seier farvel – om då ikkje meteorologane får rett i spådomen om at resten av vinteren vert usedvanleg mild…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.