-Bompengesjefen samarbeida med korrupt politikar i Kongo

Fylkestingsrepresentant i Vestland for SV, Kongo-flyktningen Symphorien Pombe, krev alle korta på bordet om Ferde-sjef Trond Juvik sitt forretningsengasjement i fødelandet.

-Fylkestinget i Vestland kan ikkje akseptera at nokon som er tilsett i fylket driv uetisk næringsverksemd internasjonalt, seier SV-representanten Symphorien Pombe til nettavisa Tunnelsyn.no.

Symphorien Pombe kom til Norge som kvoteflykting frå Den demokratiske republikken Kongo i 2002 på grunn av sitt politiske engasjement i heimlandet. Etter mange år i lokalpolitikken for SV i Sund vart han i haust vald inn i fylkestinget for Vestland.

NRK-saka om Ferde-sjef Trond Juvik sitt prosjekt for skatteinnkrevjing i fødelandet har opprørt Pombe sterkt.

Les: Ferde-sjef dreiv skatteinnkrevjing i Kongo

-Korrupt politikar
Pombe ser saka ikkje berre frå ein norsk ståstad. Juvik og BTS Norway sitt val av samarbeidspartnar i Kongo gjer saka langt meir alvorleg enn kva det kan sjå ut som frå Bergen, ifølgje kvoteflyktningen.

-Julien Paluku har vist seg å vera ein korrupt politikar. Som minister har han vore involvert i kriminelle, internasjonale aktivitetar knytta til sal av naturressursar som kobolt, koltan og gull til vestlege land, hevdar Pombe ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

Ikkje berre det. Som mangeårig guvernør i Goma skal Paluku ha markert seg ved å arrestera politiske motstandarar. Fleire av dei mista livet, mellom anna i fengselet som følgje av at dei har blitt nekta lækjarbehandling, hevdar Pombe og viser til fleire konkrete saker frå Paluku si tid som guvernør.

Uetisk
-Fylkestinget i Vestland kan ikkje akseptera at nokon som er tilsett i fylket driv uetisk næringsverksemd internasjonalt, seier Pombe til nettavisa Tunnelsyn.no.

-At nordmenn reiser til Kongo og forhandlar gang på gang med kriminelle for å berika seg sjølv og selskapa sine er hårreisande, trist og uakseptabelt, seier Pombe.

SV-representanten vil ta saka opp direkte med fylkesordførar Jon Askeland i Vestland. Han vil og engasjera partikollega Marianne Sæhle i hovudutval for næring i håp om å få svar på det han sjølv oppfattar som sentrale spørsmål i saka:

Vil ha svar
-Har Ferde nytta bompengar til å krevja inn skatt i Kongo?

-Kan Trond Juvik dokumentera at arbeidet han har utført med Kongo-prosjektet ikkje har skjedd i arbeidstida der han fekk løn frå det fylkeskommunale bompengeselskapet?

-Kvifor vil han ikkje svara på NRK sine spørsmål i saka?

-Kvifor gløymer Trond Juvik og samarbeidspartnarane hans norske verdiar når dei opptrer i Kongo?

Her kan du lesa meir om Symphorien Pombe: Møt ein fargesterk nordmann.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.