Selskapskontrollen av bompengeselskapet Ferde vil få internasjonalt omfang.
Revisjonsselskapet Deloitte som skal utføra selskapskontrollen av det lokale, offentleg eigde bompengeselskapet på Vestlandet må også ta stilling til dagleg leiar Trond Juvik sitt engasjement for skatteinnkrevjing i Kongo, ifølgje NRK.no.
Les: Bomsjefen i Bergen styrte skattesystem i Kongo
Det var i sommar at fylkeskommunane på vestlandet etter initiativ frå samferdselminister Jon Georg Dale (FrP) vedtok å iverksetja selskapskontroll av bompengeselskapet Ferde og teknologileverandøren Skyttel AS.
Les: Skal kontrollera pengebruken i Ferde
No hevdar NRK.no å ha fått bekrefta at Juvik ved sida av arbeidet som dagleg leiar i det offentleg eigde bompengeselskapet også har vore medeigar og har arbeidd for programvareselskapet BTS Norway AS og deira prosjekt for inndriving av eigedomsskatt og skatt på utleigeinntekter i ein provins i Kongo.
Om skatteinntektene nådde eit visst nivå, skulle det norskeigde selskapet få fem prosent av inntektene. Dei forventa inntektene lot imidlertid venta på seg, og prosjektet er no lagt ned.
Styreleiar i Ferde, Paul M. Nilsen, tidlegare fylkesrådmann i Hordland, skal ha godkjent Juvik sitt biarbeid.
1 Comment