Klar til å signera byvekstavtalen

Onsdag denne veka kjem ordførar Tom Georg Indrevik (H) til å signera byvekstavtalen på vegne av Nye Øygarden.

Ordførar Tom Georg Indrevik (H) fryktar konsekvensen av å seia nei til byvekstavtalen.

Underteikninga vil skje med påhalden penn, under forbehald om at kommunestyret godkjenner avtalen i februar-møtet. Endeleg vedtak skal skje i fylkestinget i Vestland i mars.

Konsekvensen av å seia nei
Kommunane i Bergensområdet, fylkeskommunen og staten har i lang tid krangla om vilkåra for å få redusert personbiltrafikken i Bergen. Det sokalla nullvekstmålet inneber at all vekst i persontrafikken skal skje med kollektivtransport, sykkel eller gange. Talet på el- og hybridbilar får heller ikkje auka.

Les: Kjenner seg overstyrt av byvekstavtalen

-Det er ein konsekvens av å seia nei. Det vert utfordrande å vera den kommunen som seier at dette vil vi ikkje vera med på, var Indrevik sitt hovudargument for å skriva under avtalen, slik han la det fram for formannskapet.

Påverka arealpolitikken
Berre noverande Fjell, Askøy, Os og Lindås kommunar vert omfatta av avtalen. Noverande Sund og Øygarden vil likevel få merka konsekvensane, i form av strengare regulering av arealbruken og krav om sentralisering av busetnaden. Framtidige kommuneplanar for Nye Øygarden skal byggja opp under nullvekstmålet.

-Når det gjeld arealpolitikken vil vi verta møtt med innvendingar, enten vi går med i avtalen eller ikkje, hevdar Indrevik.

Ordføraren i Nye Øygarden reknar likevel med at oppsida ved å skriva under vil vera større enn nedsida.

Måloppnåing
Med oppside tenkjer Indrevik på dei vel 400 millionane som dei nye kommunane i byvekstavtalen vil få på deling årleg gjennom tiårsperioden fram til 2029. Pengar som skal gå til kollektiv, innfartsparkering, nye gang- og sykkelvegar og utvikling og investering i ny og meir miljøvenleg teknologi. Pengane skal og kunna nyttast til reduserte bompengar på vegprosjekt som reduserer personbiltrafikken gjennom Bergen sentrum.

Kommunane må godtgjera måloppnåinga med sine prosjekt. Dei føreslegne prosjekta skal prioriterast årleg, ut frå mellom anna måloppnåing og samfunnsnytte. Prioriteringane kan endra seg undervegs i avtaleperioden.

-Ei problematisk formulering, medgjev Indrevik.

Reglane har endra seg undervegs, heile tida, hevdar Marianne Sandahl Bjorøy (A) som avtroppande ordførar i Fjell har ho følgt forhandlingane frå dag ein.

-Slik har det vore heile tida. Reglane har endra seg undervegs, samstemte siste ordføraren i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy (A).

Inkonsekvent

Inkonsekvent, seier Maria Thomassen (MDG) om det å underteikna byvekstavtale med nullvesktmål denne veka, og så vedta ny fire-felts motorveg til Ågotnes neste veke.

Maria Thomassen (MDG) har ingenting mot nullvekstmålet. Ho finn det likevel inkonsekvent om kommunen signerer byvekstavtalen denne veka, for så å vedta ny firefelts motorveg til Ågotnes neste veke.

– Behovet for nye firefelts veg er udiskutabelt. Eg ser ikkje det som noko motvekt mot byvekstavtalen, innvende Indrevik.

Optimist
Indrevik verkar vera den fødte optimist:
-Nye Øygarden vil ha prosjekt som når opp i ein slik porteføljepakke. Kollektivmidlane vil koma oss til gode frå dag ein. Det gjeld og reduserte kollektivtakstar. Fylkeskommunen må levera oss busstenester, uansett. Spørsmålet er berre kva nivå tenestene vil ha.

-Dess fleire som tek buss i Bergen, dess større aksept vil det vera for at dei som bur på Hellesøy og Klokkarvik køyrer bil. Alle innser at dei som bur lengst ute ikkje kan forhalda seg til busstilbodet, sa Bjorøy.

Les: -Hellesøy, kva no?

Manglar fakta
Forhandlingane på onsdag vil i stor grad gå ut på få til semje om prosessen fram mot endeleg vedtak i fylkestinget.

Dei politiske partia må gjerne koma med uttale til avtalen, men uttalen bør baserast på fakta, ikkje på kjensler, oppfordra Indrevik.

– Vi kjenner ikkje konsekvensen av å seia nei. Difor må vi uttala oss på grunnlag av kjensler, ikkje fakta, innvende Anita Garlid Johannessen. (FrP).

-Så lenge vi ikkje kjenner konsekvensane av å seia nei, vil vi måtta uttala oss på grunnlag av kjensler. Vi har ikkje fakta å forhalda oss til, innvende Anita Garlid Johannessen (Frp).

2 Comments

  1. Det må være en avansert form for risikosport om politikerne våre signerer denne avtalen. Hvorfor kan en ikke få belyst konsekvensene for Øygarden og andre deltagende kommuner? Positive og negative sider må da kunne avklares på en måte som folk forstår!

    Og dette tragiske NULL-MÅLET for økt biltrafikk, inkludert batteribiler. Fjell kommune har gjennom svært mange år vært en vekstkommune. Så kom oljenedturen. Nå skal altså folk måtte kjøre buss, bruke beina eller sykle.

    Dette må behandles slik at folk kan ta stilling til alle sider basert på sikker kunnskap og ikke synsing. Jeg er i alle fall meget skeptisk…

    I forrige runde stoppet (utsatte) Terje Søviknes avtalen. Nå har Ap-ene overtatt Os-rådhuset og da blir vel nye Bjørnafjorden kommune med. Hva om offentligheten (innbyggerne) får nok informasjon til å gjøre seg opp en mening om hva avtalen medfører av negative og positive konsekvenser?

    Kan vi be om det herr Ordfører?

    På forhånd takk!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.