Omsorgsbustadane i Skogsskiftet – svaret på eit prekært behov

Dei første bebuarane i dei nye omsorgsbustadane i Skogsskiftet vil truleg kunna flytta inn i før jul.

Nina Glesnes i Sund Eigedomsutvikling gleder seg til å kunna ønskja dei første leigebuarane velkomne til det nye omsorgssenteret i Skogsskiftet før jul.

Dei 20 omsorgsbustadane i Skogsskiftet er svaret på eit prekært behov for bustadar til eldre i Sund som ikkje lenger klarar seg aleine heime, men som ikkje oppfyller krava til sjukeheimsplass, seier ordførar Kari-Anne Landro.

17 av dei 20 bustadane har alt fått tildelt leigetakarar, kunne Marita Hilleren, kommunalsjef for helse og omsorg i Nye Øygarden fortelja i samband med den offisieller opninga i dag.

Nærleik til helsetenester
Framleis luktar det gips og nylagt linoleum i heile bygget. I sansehagen er både juletre og kafèbord komne på plass, sjølv om fossefallet førebels manglar.

-Vi håpar dei første leigeburane kan ta med seg møblane sine og flytta inn i veka før jul. Det avheng berre av teknisk avdeling si formelle godkjenning av bygget, seier Nina Glesnes i Sund Eigedomsutvikling KF som har vore byggherre, til nettavisa Tunnelsyn.no.

Bebuarane skal få den hjelpa dei treng frå heimetenesta. Omsorgsbustadane vil ikkje få heildøgns bemanning. Dei spesialtilpassa løysingane i husværa, kombinert med nærleiken til Sundheimen, lækjar, fysioterapeut og dei andre helsetenestene i Skogsskiftet, inneber likevel at terskelen for å måtta flytta på sjukeheim vil vera høgare her enn om dei budde heime aleine, seier helse- og omsorgssjefen.

Private bustadar
Heile bygget er på 2.150 kvadratmeter, fordelt på fire fløyar i to etasjar og med ein sansehage i midten.

Kommunalsjef for helse og omsorg, Marita Hilleren, i kjøkenkroken på eit av dei 20 husværa. Leigetakarane skal få lov å gjera det heimekoseleg med eigne møblar når dei flyttar inn.

Her er det funne plass til 18 husvære, kvart på oppunder 50 kvadrat, med kombinert stove og kjøkenkrok. Med eitt soverom, er dei tiltenkt einslege eller eit par.

To av bustadane har to soverom, og er meint for ektepar eller funksjonshemma som treng ekstra mykje hjelpemiddel, ifølgje Hilleren.

I kvar etasje er det og funne plass til fellesrom med kjøkenkrok, spisebord, TV-stove og kontor.

Samla budsjett lyder på 70 millionar kroner, ifølgje Glesnes.

Tilpassa behov
Omsorgssenteret er planlagt som private husvære. Husværa er spesialinnreida med tanke på å kunna tilpassast eldre bebuarar sine behov. Baderomsinnreidinga kan til dømes høgdejusterast elektrisk, noko som har hausta applaus frå Husbanken, ifølgje Glesnes.

Det er ikkje lagt opp til spesielle sikringstiltak for demente.

Husleiga vil verta vel 10.000 kroner per månad, men då er straum og kommunale avgifter inkludert, seier Hilleren.

Sosial- og omsorgssjefen har forståing for at einskilde vil synast det er mykje. Minstepensjonistar og andre vil imidlertid kunna søkja om bustøtte.

Lang veg
Vegen fram mot den offisielle opninga har vore lang og kronglete. Det var heilt tilbake i 2007, i eldremeldinga, at Sund kommune vedtok å byggja omsorgsbustadar.

Les: Sund lagar omsorgssenter i Skogsskiftet

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.