Bompengesjefen får kritikk, men har ikkje brote lova

Dagleg leiar Trond Juvik i Ferde AS frå kritikk for regelbrot, men har ikkje brote lova, ifølgje rapporten advokatverksemda Kluge har utarbeida på oppdrag frå styret i Ferde.

Ferde-sjefen får i rapporten kritikk for å ha vore inhabil i kjøpet av programvarelisensar frå BTS Norway AS der han sjølv var medeigar.

Han får og kritikk for å ha sendt personopplysningar om nordmenn til Kina for identifikasjon av bilførarar som passerte bomstasjonane.

Ein av to
Dette er den første av to undersøkingar av bompengeverksemda Ferde AS. Den andre er ein selskapskontroll tinga av kontrollutvala i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Les: Skal kontrollera pengebruken i Ferde

-Eigarane tar dagens rapport til orientering, og avventer framlegginga av den pågåande selskapskontrollen av Ferde AS som kjem på nyåret. Med bakgrunn i dagens framlagte rapport har eigarane framleis tillit til styret, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun i ei pressemelding.

Kongo
Når det gjeld påstanden om at Juvik har brukt delar av arbeidstida på eit skatteinnkrevjingsprosjekt i Kongo i regi av BTS Norway, meinar Kluge at det kan aksepterast.

Det er ingenting i arbeidsavtalen som seier at han ikkje kan påta seg bierverv. Juvik har dessutan hatt ei leiiande stilling i Ferde AS, utan kompensasjon for overtid. Det vert difor føresett at den delen av arbeidstida han har brukt på prosjektet i Kongo er blitt henta inn att på andre tider av døgnet.

Ikkje vurdert
Undersøkinga tek ikkje stilling til påstanden frå SV-representanten og norsk-kongloensaren Symphorien Pombe om at BTS Norway sin samarbeidspartnar i Kongo driv korrupsjon.

Les: Bompengesjefen samarbeida med korrupt politikar i Kongo

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.