Vil unngå konflikt med Statens vegvesen

Komite for Plan og utvikling (KPU) i Fjell sender den kontroversielle planen for utbygginga på Branndalsåsen på Bildøy tilbake til administrasjonen.
KPU ønskjer ikkje nokon konflikt med Statens vegvesen om utbygginga på Branndalsåsen på Bildøy.

Les: Legg opp til konfrontasjon med Statens vegvesen

Mot Høgre sine to røyster vedtok utvalet i går at administrasjonen i Fjell må løysa motsegna med Statens vegvesen før planen kan endeleg godkjennast, skriv Fjell kommune på heimesidene sine.

Då dette var siste møtet i KPU i Fjell, vert det dermed opp til kommunestyret i Nye Øygarden å vedta den endelege planen.

700 bustadar
Det er Altus Eiendom AS, med Ernst Morten Einarsen som dagleg leiar, som står bak planen om utbygging av inntil 700 bustadar i området like sør for R 555 på austsida av Bildøy.

Forverra køsituasjonen
Hovudkjelda til konflikten er utbyggjar sitt forslag om at 200 av bustadane skal stå ferdig til innflytting før nye Sotrasambandet er sett i drift. Noko som vil føra til ytterlegare forverring av køproblema på dagens Sotrasamband, ifølgje Statens vegvesen.

Les: Ventar ikkje på Sotrasambandet

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.