Freistar med Middelhavsklima i Skogsskiftet

Sotrastrilar 50+ er målgruppa når svenskeigde Bovieran lokkar med hage med Middelhavsklima i Skogsskiftet.

Det 1.500 kvadratmeter store innglasa atriet vil ha Middelhavsklima året rundt og oppfordra til sosialt felleskap.

På ein fem mål stor tomt like nord for kommunehuset i Skogsskiftet planlegg svenskeigde Bovieran Norge AS, saman med eigedomsinvestoren Knut Hauge, å byggja eit seniorbufellesskap med 57 bustadar for Sotrastrilar over 50.

Sosialt felleskap
Burettslaget er utforma med tanke på å oppfordra bebuarane til sosialt felleskap, kunne dagleg leiar Sören Rundsteen i det svenske morselskapet fortelja politikarane i Planutvalet i Nye Øygarden i dag.

Innglasa atrium
Eit 1.500 kvadratmeter stort innglasa atrium med Middelhavsklima året rundt og eksotiske plantar skal utgjera kjernen i bygget. Det milde klimaet vil oppfordra bebuarane til mest moglege uteaktivitetar og fellesarrangment,  og til å finna på kjekke ting i lag. Her skal det leggjast opp til ei rekkje sosiale aktivitetar i regi av ein bebuarforening, er tanken.

Velprøvd konsept
Konseptet er velprøvd – i Sverige. Bovieran AB har bygd 54 tilsvarande seniorfelleskap i nabolandet, og vil no prøva marknaden i Danmark og Norge. Det eldste har vore i drift i ti år, ifølgje Rundsteen.

– Eit sosialt alternativ til eit husvære i ei ordinær blokk. Her tek dei verkeleg vare på kvarandre, hevdar eigedomsinvestor Knut Hauge som har vore på studietur til eit av dei svenske anlegga.

Dei som måtte ha behov ut over det gode naboar kan hjelpa med, vert oppfordra til å nytta kommunen sine heimetenester.

Frodig planleggjarar: Fh. Knut Hauge, Thor Marcus Engebretsen og Sören Rundsteen.

To og tre rom
Seniorfelleskapet vil byggjast som to og treroms husvære, med ein storleik på kring 70 kvadratmeter og ei mest mogeleg open løysing. Univeresell utforming er sjølvssagt. Antyda pris vert 3,8 millionar. Felleskostnadane på 2.500 – 2.850 er meint å skulla dekka hagestell, kommunale kostnadar og drifta av bebuarforeniga, ifølgje Thor Marcus Engebretsen i Bovieran Norge AS.

Planlagt salstart er februar/mars neste år. 60 prosent av husvære må vera seld før byggestart, seier Engebretsen.

Skogsskiftet konkurrerer med Kristiansand om å få det første bufellesskapet i Norge, ifølgje leiaren for den norske verksemda.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.